Advokatfirmaet, som har hovudkontor i Ålesund, har no etablert seg i Sunnmøre kulturnæringshage.

– Her er det eit spennande og kreativt miljø, og det er ikkje eit heilt typisk advokatmiljø, seier Krister Øie Braute som saman med Christian Garmann, Torgeir H. Langva og Merete Lossius Opdahl er partner og advokat i firmaet.

Ein viktig grunn til at advokatfirmaet no etablerer seg i Volda er Søre Sunnmøre tingrett ikkje vart lagt ned.

– Vi har tenkt tanken på å etablere oss her ei stund, og vi har ein del faste kundar. At Søre Sunnmøre tingrett ikkje vart lagt ned gjer at det går an å satse her. Vi er veldig glade for at tingretten består. No når vi har etablert oss her er det lettare å halde konktakta og tilhøyringheita til dei som vi bistår. I tillegg er det sjølvsagt ein marknad her som vi interessert i å vere ein del av.

Vil auke bemanninga

Advokatfiramet ser på Volda og Ørsta som sentrum både sørover og vestover.

– Mellom Ålesund og Florø er dette det neste sentrumet, og dermed er det ein naturleg stad å etablere oss.

Det er eit tradisjonsrikt firma som no er på plass i Volda. Advokatfirmaet Engelsen, i forskjellige former, har vore operativt sidan 1951.

– Vi bistår både private, næringinsliv og kommunar. Vi har ein fast forsvarar på kontoret, og vi handterer oppdrag for det offentlege. Vi har som mål å vere eit fullservice advokatkontor slik at alle kan oppsøke oss.

Fram til nyttår vil kontoret i Volda vere bemanna fast ein dag i veka, og elles ved behov.

– Vi vil leggje ein plas for bemanning over nyttår. I dag har vi ingen tilsette ved kontoret, men på sikt er det noko som vi ynskjer å få på plass. Vi tek sikte på at dette skal vere eit kontor som er bemanna heile tida.