Det var ei foreldregruppe som via Facebook ynskte ei mobilisering for ein ny Hovden skule. Og bygdefolket responderte. Med plakatar kom unge som gamle til demonstrasjonen.

I alt 350 personar møtte, og til hendinga kom også ordførar Stein Aam.

Han vart møtt med slagord frå dei frammøtte, som «Ny Hovden skule»!»

Aam kunne ikkje love nokon ny skule der og då, men sa at han skulle gjere det han kunne for at Hovden skule skal få det naudsynte av vedlikehald, og at han vil arbeide for ein ny skule for framtida.

Folket i Hovdebygda har to krav. Det eine er altså ein ny skule, men det vert i tillegg kravd strakstiltak mellom anna for å forbetre dei sanitære forholda på skulen.

Rapport

I ein eigen rapport frå kommunen er det skildra fleire avvik, og FAU ved skulen har no sendt eit skriv til kommunestyret med krav til utbetringar.

– Det har ikkje vore gitt løyvingar til Hovden skule sidan nedrebygget var oppført i 1976, heller ikkje øvrebygget frå 1964 har fått naudsynt vedlikehald eller oppgradering siste 20 åra. Dette veit vi er svært kjent i det politiske miljøet, og vi håper de alle kan samlast på tvers av partilinjene og einast om å sette skulen i godkjent stand, heiter det i skrivet frå FAU ved Hovden skule.

Dei krev at kommunestyret tek grep i samband med budsjettarbeidet som no er i gang.

– Politikarane må finne midlar til umiddelbar oppgradering. I framlegget frå administrasjonen ligg det betydelege løyvingar til både Ørsta ungdomsskule, Velle-, Vikemarka skule og endå til nytt inngangsparti på rådhuset til 3.800 000 kroner. Det er for oss heilt ubegripeleg at vi i 2016 sender borna vore til ein skule der hygieniske forhold er langt frå akseptable. Då vert både inngangsparti og andre tilbygg ei feil prioritering, insisterer FAU ved Hovden skule.

FAU skildrar ein kvardag for dei tilsette og elevane på skulen som er uhaldbar.

Etterslep på vedlikehald

Frå dei tilsette har det vorte påpeika dårleg luftkvalitet, og manglande varmestyring på øvrebygget. Både tilsette og elevane opplever ein kvardag med konsentrasjonsproblem og verk i hovudet, vert det vist til frå FAU si side.

Vidare vert det peika på at skulen ikkje er tilpassa til dei med funksjonshemming, mellom anna manglar heile skuleområdet handikaptoalett.

– Vi er opptekne av at dei tilsette får ein godkjent arbeidsplass, men også at borna kan bruke gymsal og garderobe på ein verdig måte. Hovden skule burde kanskje ha vore sanert, og tida for eit nybygg er for lengst komen. Det er likevel ei kjensgjerning at ein slik prosess er omfattande, og vegen mot eit slikt mål vil vere lang. I påvente av ein slik prosess, må Ørsta kommune halde skulen ved like. Etterslepet på vedlikehald er enormt, og dette er synleggjort gjennom fleire rapportar både utarbeidt av skuleverket, men også av kommunen si eiga helseteneste, påpeikar FAU.

Men på sikt er altså kravet ein ny skule.

– Vi minner om at Hovden skule må oppdimensjonerast for å takle vidare tilflytting. Vi er i dag kjende med at Mork grendelag flaggar eit alternativ med felles skule. Vi ynskjer skuleelevane på Mork velkomne til ein ny og oppgradert Hovden skule, seier FAU.

– Hugs at sentrumsområde strekkjer seg meir og meir mot Hovdebygda. Kommunestyret har sjølv sett av store areal til bustadbygging. På vegen mot ny skule, må kommunen vedlikehalde eksisterande bygg. Vi ser positivt på midlar til forprosjekt, men vi må leve med dagens skule lenge og denne må ha godkjende forhold for borna og tilsette.

FAU peikar på at kommunen nyleg har løyst ut areal for ny skule, og at dette arealet er ferdig regulert og byggjeklart.

Krev ny skule: FAU-leiar Paul Inge Steinnes (t.v.) og Einar Holsvik gav ordførar Stein Aam klar beskjed om folkekravet. Foto: privat