Onsdag vart politimeister Ingar Bøen ved lensmannskontoret i Hovdebygda, og informerte dei tilsette om framtidig organisering av politiet i fylket.

– Dei tilsette ynskjer at det skal vere best mogeleg organisering, best mogleg tenesteordningar, men så er det litt usemje om kva som best og mest hensiktsmessig. Stort sett er dei tilsette nøgde, sa Bøen etter at møtet var ferdig.

I forslaget til politimeisteren skal Ørsta/Volda og Stranda/Sykkylven vere eitt lensmannsdistrikt i framtida.

– Årsaka til dette er todelt. Vi har landfast kommunikasjon dit til Stranda/Sykkylven frå Ørsta/Volda. I tillegg skal byggje opp kompetanse på fjell og skred på Indre Sunnmøre. Då får vi samla dette rundt Ørsta, Stranda, Sykkylven og Volda og bygd opp kompetansen.

Bøen understreka og at vaktordninga som er etablert skal vidareførast.

– Vaktordninga som vi har etablert på Søre Sunnmøre har vore ein suksess, og den suksessen skal vi vidareføre.