Det melder barnevernstenesta for Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta i ein rapport for 2. tertial 2016.

– Vi melder 6–8 slike saker til politiet per år, og vi deltek på «barneavhøyr» på barnehuset i Ålesund kvar månad. I mange familiar vil involvering og samtalar frå barnevernstenesta verke førebyggande, og for fleire familiar som kjem frå andre land og himmelstrøk, er forbodet mot å utøve vald mot barn nytt og ukjent. Mykje av vår oppgåve er å hjelpe foreldra med råd og rettleiing om dette, skriv det interkommunale barnevernet i rapporten, som er signert barnevernssjef Brynhild Solvang.

Elles er ein stor del av meldingane prega av foreldrekonflikt.

– Der har vi ikkje mandat til å avgjere tvistar om samvær. Her kan vi oftast ikkje møte foreldra på deira forventningar, då avgjersler i slike saker må skje i rettssystemet. Slike saker tek likevel mykje av tida vår, og representerer ein høg ressursbruk av personalet i tenesta.

Frist på tre månader

Barnevernstenesta tok imot 87 nye meldingar i perioden frå 1. januar til 31. august i år.

– Ingen av desse var av ein slik karakter at dei kunne verte lagt vekk. Per dato har vi 71 pågåande undersøkingar. I 10 av desse har vi gått utover fristen på tre månader, noko som gir ei overskriding på 7,1 prosent. Ved utgangen av juni sette vi oss som mål å kome under 10 prosent i løpet av året, så her kan vi vere rimeleg nøgde med innsatsen, skildrar Solvang.

Ho fortel at dei har sett på ulike effektiviseringstiltak, men at dei samstundes er medvitne på at desse ikkje skal gå utover kvaliteten i det å kartlegge omsorgssituasjonen for det enkelte barnet.

– Det er viktig å vere klar over at det alltid må verte rekna med nokre overskridingar på tremånadersfristen som lova set. Dette er også noko tilsynsmyndet er kjende med. Det kan vere saker som er kompliserte, der barnevernstenesta er avhengig av prosessar hjå samarbeidspartnarar, og det kan vere ulike saker som av ulike grunnar treng lenger tid for at vi kan få oversikta.

Meldarar

Det er politiet som melder oftast til barnevernstenesta.

–Dette fordi dei rutinemessig sender melding når dei opprettar ei sak i høve foreldre med mindreårige born.

Elles dominerer meldingar frå foreldre, eller frå barn sin utvida familie. Skulane melder også ofte. Alt dette er i tråd med landsgjennomsnittet.

– Men vi undrar oss over fråværet av meldingar frå PPT, psykiatrisk helseteneste, og det vi vurderer som ei underrapportering frå helsestasjonane.

Utfordringar

Barnevernet erfarer at det stadig kjem nye krevjande saker der det bør vere to aktive sakshandsamarar som følgjer opp.

– Vi opplever også eit stadig større press frå foreldre som vil filme eller ta opp samtalar med barnevernet, der vi også vert eksponert og lagt ut på ulike sosiale medium, opplyser Solvang.

Det ar barn bur i institusjonar eller fosterheimar langt unna, tek også mykje tid og ressursar.

– Målet om å oppnå 2–4 oppfølgingsbesøk, slik lova krev, kan difor vere ei utfordring. Enkelte saker krev mykje merksemd og tid i kritiske periodar, noko som igjen går utover andre saker, og det er lett at vi kjem på etterskot. Det er vidare ei utfordring å få ulike samarbeidsinstansar og andre kommunale tenester til å ta ansvar for ungdomar som har rett på hjelp etter andre lovverk, til dømes helse.- og sosiallovgivinga, skriv Solvang.