Frå måndag vart streiken i energisektoren trappa opp. 1.091 tilsette i 74 energibedrifter er no i streik. Alle medlemmene til EL og IT Forbundet som jobbar i KS-tilknytta bedrifter er no i streik.

Tussa Energi, Tussa Kraft og Mørenett er ikkje råka av streiken. Desse er medlemmer i NHO-foreninga Energi Norge. Det er berre KS-bedriftene som er råka av streiken.

På Nordvestlandet gjeld dette Rauma Energi AS, Stranda Energi As, Sykkylven Energi AS, Sandøy Energi og Stryn Energi.

Streiken dreier seg om usemje rundt avspasering etter beredskapsvakter som strekker seg over sju dagar i strekk. EL og IT Forbundet ønskjer å tariff-feste tre avspaseringsdagar etter slike vakter. Kravet i arbeidsmiljølova er to dagar, medan tilsette i NHO-selskap allereie har tariff-festa tre dagar.

Den største konsekvensen av streiken er at vedlikehaldet av straumnettet til dei råka selskapa blir sett på vent.