Folk i Ørsta gav 46 kr og 70 øre per innbyggjar til årets TV-aksjon, viser statistikken frå NRK.

Det er ei kraftig betring frå i fjor. Då gav Ørsta minst i fylket per innbyggjar, med berre 29 kr og 38 øre.

Årets TV-aksjon var til inntekt for Røde Kors, medan fjorårets aksjon gjekk til Regnskogfondet.

Nøgd aksjonsleiar

– Det kan vere at det er fordi saka er så aktuell for mange, og at Røde Kors er godt kjent. Det fine vêret til å gå med bøsser var også ein fordel, seier Karen Høydal, leiar i aksjonsnemnda for TV-aksjonen i Ørsta.

Resultatet er likevel noko svakare enn i 2014. Då gjekk inntekta til Kirkens Nødhjelp, og ørstingane gav 49,73 kr per innbyggjar.

Volda ligg som vanleg noko over Ørsta, og gav 51,83 per innbyggjar. Også her er det ein kraftig oppgang frå i fjor, då det kom inn 34,44 kroner per innbyggjar.

Ho sender takk til bøsseberarane, rodeleiarane, bankpersonale som stilte opp som teljarar, komiteen som kommunen har valt til TV-aksjonen og Rebecca Riise Bjerknes ved Frivilligsentralen i Ørsta, som har koordinert innsamlinga.

Over landsgjennomsnittet

Både Ørsta og Volda ligg over landsgjennomsnittet i årets aksjon. Det ligg på 42,15 kr per innbyggjar.

Sula gav mest i Møre og Romsdal, med heile 97,97 kr per innbyggjar.

Sykkylven gav minst i fylket, med 34,42 kr per innbyggjar.

Innbyggjarane i Hareid gav mest på Søre Sunnmøre, med 70,29 kr per innbyggjar.

Her er oversikta over kommunane på Søre Sunnmøre:

Hareid: 70,29 kr (62.-plass nasjonalt) Sande: 68,87 kr (65.-plass nasjonalt) Herøy: 55,03 kr (135.-plass)Vanylven: 53,39 kr (151.-plass)Volda: 51,83 kr (168.-plass) Ørsta: 46,70 kr (227.-plass)Ulstein: 41,05 kr (315.-plass)

Andre kommunar (utval):

Ålesund: 43,92 kr (275.-plass) Molde: 54,52 kr (141.-plass)Oslo: 33,41 kr (407.-plass)Bergen: 34,48 kr (398.-plass)