Overvold arbeider for Legar utan grenser, og har vore i Vest-Afrika medan Ebola-viruset herja, i Sør-Sudan under borgarkrig, i borgarkrigsområda i Jemen og i Middelhavet for å hjelpe båtflyktningar.

I Ørsta var ho for å fortelje om dette, i samband med skuleprosjektet Leger utan grenser har om dei gløymde krisene. Alle tiandeklassene på Ørsta ungdomsskule er med på prosjektet, der målet er å skape merksemd lokalt om dei gløymde krisene. Dette er stader og hendingar der nauda er stor, men der verdssamfunnet ikkje engasjerer seg i same grad som i dei områda som vert dekte av media og som får merksemd.

– Eg synest det er nyttig å få vere til stades her, og fortelje om Legar utan grenser sitt arbeid. Ikkje minst er det kjekt å få sjå at elevane vert engasjerte, og vil gjere ein skilnad, seier Overvold.

Overfor elevane fortalde ho om dei oppdraga ho hadde vore med på, og om dei gløymde krisene. Desse krisene handlar om stader i verda der det er krig, flukt, sjukdommar, svolt og stor naud.

– Folk flyktar ikkje for moro skuld. Dei flyktar frå noko. Ofte er det vald, fortalde Overvold.

Ho var sjølv i Sør-Sudan og fekk sjå og ta i mot flyktningar som kom frå borgarkrigsherja område, og ho fekk sjå kor viktig det var at eit apparat var på plass og raskt fekk gje mat og medisin.Ho var også i Sierra Leone under ebola-utbrotet der. Det var ei krise som heile verda etter kvart fekk kjennskap til.

– Det har vore ebola-utbrot tidlegare, men då i meir avgrensa område, og media har ikkje gjeve det merksemd. Denne gongen bestemte media seg for å gje ebola-utbrotet merksemd, kanskje fordi også kvite og rike vart råka, fortalde Overvold.Og det at ebola-utbrotet denne gongen fekk merksemd, sette fart i utviklinga av medisin mot denne sjukdommen. Då medisinen var på plass, fekk hjelpemannskapa også kontroll over sjukdommen.

Overvold fortalde at Legar utan grenser arbeider mykje for å skape merksemd om dei forskjellige krisene i verda, men at det kan vere vanskeleg å få gjennomslag. Då er det ofte vondt for hjelpearbeidarane å kome heim til Noreg.

– Det er alltid godt å kome heim, men også vanskeleg. For kva er det so møter oss? Jau, oppslag om Therese Johaug i alle kanalar. Er det verkeleg det vi skal bry oss om? seier Overvold.

Ho fortalde elevane at ho kjenner seg privilegert og heldig.

– For eg vart fødd og fekk vekse opp på Stranda. Eg hadde flaks og fekk vekse opp ein stad på jordkloten der det var skule og legar. Det er ikkje noko gale med å gå i butikken og handle. Det gjer også eg. Men eg har lært meg å setje ting i perspektiv, og tenkje etter kor heldig eg har vore. Det synest eg er viktig, sa Overvold.

Ho er glad for at elevane i tiande klasse på Ørsta ungdomsskule vil vere med på prosjektet om dei gløymde krisene.

– Verda treng engasjert ungdom som dykk, sa Overvold.

Og elevane synest det var spennande å få møte ein hjelpearbeidar som har vore i dei verste områda i verda.

– Det er så viktig det arbeidet som Sissel gjer. Vi håper no å skape meir merksemd rundt dei gløymde krisene, og medverke til at det vert gjeve pengar, seier tiandeklasse-elevane Maria Thunem, Anny Mårstøl Vinjevoll og Laila Vikenes.