Plasseringa av eit flytebryggje i Volda kommune enda opp i Søre Sunnmøre tingrett. Partane eig kvar sin eigedome lands sjølina, og eigedomane grensar til kvarandre. I november 2015 gav Volda kommune løyve til utlegging av flytebryggje på den eine eigedomen, og dette vart påklaga av saksøkjar. Den saksøkte parten starta å byggje ein steinmolo våren 2016, men denne vart seinare fjerna. Saksøkte la ut ei flytebryggje på same stad som arbeidet med moloen hadde gått føre seg, og i dommen er det opplyst at flytebryggja er i tråd med reguleringsplanen. Flytebryggja ligg om lag 50 meter rett nord frå saksøkjar si strandlinje og framom delar av bukta til saksøkjar sin eigedom.

Saksøkjar har meint at flytebryggja, som er 21 meter lang, ligg på hans eigedom i sjøen, og det krenker han sine strandrettar. Saksøkjar la fram påstand om at saksøkte måtte fjerne utlagt flytebryggje, og at saksøkjar vart tilkjent sakskostnader. Saksøkte hevda at flytebryggja ikkje ligg innom saksøkjar sin eigedom, og at saksøkte skulle frifinnast. Retten kom fram til at det ikkje var sannsynleggjort at flytebryggja verken heilt eller delvis ligg innanfor saksøkjar si yttergrense i sjø, og retten fann ikkje at saksøkjar sine potensielle framtidige utnyttingsmåtar av strandeigedomen er verna. Dermed var saksøkte frifunnen, og saksøkjar må betale 83.800 kroner i sakskostnader til saksøkte.