Arbeidsplassdekning er talet på arbeidsplassar (sysselsette etter arbeidsstad) i prosent av talet på arbeidstakarar (sysselsette etter bustad) i eit område, for eksempel i ein kommune. Arbeidsplassdekning på meir enn 100 prosent i ein kommune betyr at talet på arbeidstakarar som arbeider i kommunen, er større enn talet på arbeidstakarar som er busette i kommunen.

Det er sju kommunar i Møre og Romsdal som har 100 prosent dekning eller meir: Ulstein (125,4), Molde, Ålesund, Sunndal, Volda, Kristiansund og Sandøy. Ulstein gjekk i 2015 forbi Molde, mens dei tre sistnemnde kommunane var under 100 prosent året før. Volda har ei arbeidsplassdekning på 102,5 prosent. Dei kommunane med lågast arbeidsplassdekning i Møre og Romsdal er, som i 2014, Nesset, Giske og Sula. Dette er typiske bustad- og utpendlarkommunar.Ørsta kommune har ei arbeidsplassdekning på 85,3 prosent. I faktiske tal er det 784 fleire arbeidstakarar busette i Ørsta enn det er arbeidsplassar til. I Volda er det 110 fleire arbeidsplassar enn det er arbeidstakarar.