– Dette vart ein god kveld for TV-aksjonen og Røde Kors. Alle vi var i kontakt med ville støtte aksjonen, fortel næringssjef Odd Magne Vinjevoll.

Næringskontoret organiserte ringerunden i samarbeid med Frivilligsentralen.

Vinjevoll rosar det lokale næringslivet for viljen til å gi pengar til inntekt for Røde Kors og deira arbeid for å betre situasjonen for sivile offer i krig og konflikt.

I gjennomsnitt gav næringslivet i Ørsta mellom 500 og 5000 kroner kvar. Og då aksjonen var ferdig, hadde det altså kome inn nesten hundre tusen onsdag føremiddag.

– Med den givargleda næringslivet viser, gir dette eit godt signal til andre givarar, meiner Vinjevoll.

Sterkt

Han konstaterer at Røde Kors står sterkt i Ørsta og er ein organisasjon mange har stor sympati for.

Det er tidlegare vore arrangert tilsvarande dugnader i Ørsta der folk frå bedriftene samlast og ringer til andre Ørsta-bedrifter.