– Det har gått som forventa, og no er dette tilbodet i ferd med å bli rimeleg godt kjent. Vi har faktisk hatt utleige så langt nord som på Stranda, seier Eldar Krøvel.

Tidlegare år starta entreprenørverksemda Eldar Krøvel AS med utleige av små anleggsmaskinar. No har dei fått erfaring med marknaden, og utvidar tilbodet.

Hengarar

– Det er mykje flinke folk rundt om, som vil gjere mest mogleg av jobben sjølve. Vi har erfart at folk spør etter å få leige hengarar som dei kan køyre vekk masse med, seier Krøvel.

Han har kjøpt inn to tipphengarar for utleige. Dette er spesielle hengarar som kan laste tungt og som kan tippe av lasten raskt.

– Det er ikkje så mange slike her i området. Med ei maskin og ein slik hengar kan folk gjere det mest sjølv, bortsett frå om det er snakk om veldig vanskeleg terreng eller store steinar og den slags, seier Krøvel.

Remi Dybdal er utleigesjef i firmaet, og leiger også ut varehengar, skaphengar, maskintralle og biltralle. Krøvel presiserer at det er krav om førarkort for bil med hengar (BE) og ein litt kraftig bil for å køyre mange av hengarane. Maskinane krev ikkje maskinførarbevis dersom det er privatpersonar som leigar, og dei blir køyrde ut til kunden av bedrifta.

– Det opplever vi at folk set pris på. Mange har ikkje eigna bil eller sertifikat til å trekke ei slik maskin, og vil sleppe å halde på med sikring av last og slikt. Vi synest også folk er flinke til å ta vare på maskinane. Så langt har vi ikkje hatt skadar, berre ei skremme her og der.

Bedrifter

Krøvel har også fått innpass hos fleire bedrifter som treng maskinar.

– Det er ikkje god økonomi for dei å kjøpe inn maskinar som dei berre treng av og til. Då leiger dei heller, seier han.