– Som takk for dei har fått plukke rips har eg fått ei flaske med heimelaga ripssaft i retur. Det har vore svært. I år fekk eg beskjed om å kome oppom skulen for å hente safta, og då fekk eg overlevert helsingar frå elevane. Eg vart nesten rørt, og no får dei halde fram med ripsplukkinga i fleire år, seier Bjørdal med eit stort smil.

I dei skriftlege helsingane som Bjørdal fekk overrekt takkar elevane for at dei har fått kome på besøk, og understrekar at dei ikkje kunne ha laga saft utan at Bjørdal sa ja.

– Dette er ein del av skulen sin grunnfilosofi, og vi skal vere aktive i eit lokalsamfunn. Under det ligg det å bruke ressursar som det har vore tradisjon frå gamle dagar å bruke. Skulen har no faste plassar det vi plukkar blåbær, tytebær, sopp og plommer. Vi har fått oss ein fast ripsplukkeplass med Jostein i Bjørdalen. Der framme møter vi alltid ein nyklipt hage og vi får plukke det vi treng av rips, seier lærar Jarle Bae ved Åmås friskule.

I år vart det laga nærare tretti liter med råsaft ved skulen. At Bjørdal fekk personlege helsingar i tillegg til heimelaga saft starta med ein elev.

– Ein av elevane meinte det frykteleg snilt å berre få lov å kome inn i ein hage og forsyne med seg med ripsbær. Saman kom vi fram til at i tillegg til ripsbærsafta så skulle vi skrive helsingar. Dette var noko elevane tok på alvor, og det er mykje gode adjektiv å finne i helsingane.

Bjørdal understrekar at han har nok ripsbær både til seg sjølv og elevane ved Åmås friskule. Det elevane har hausta og foredla vert nytta på m.a. kafear for eldre og til varm lunsj for elevane ved skulen.

– Vi brukar det vi har laga når sesongen er der, og det kan vere sopp, fisk og kjøt. Førre onsdag vart her laga eplekake, og til skuleavslutninga før sommarferien hadde elevane laga tørrfisk. Då fann vi ut at det er mange i Åmdalen som likar tørrfisk, og det var mange som skulle prøve same metoden som elevane hadde brukt.