Og så skal det satsast endå sterkare på produktutvikling.

– Bedrifta har mange utfordringar framover i ei tid der marknaden siste åra har gått ned. Men no byrjar det å snu. Eg ønskjer å tilarbeide den norske marknaden og å få opp aktiviteten innan produktutvikling, seier Ivar Sandnes.

Tysdag vart 55-åringen presentert som ny direktør på Fora Form etter Trygve Aasland som slutta før ferien. Konsernsjef Fredrik Asplund i Lammhult Design Group, som eig Fora Form, er svært nøgd med den nye toppsjefen. Han er overtydd om at Sandnes kjem til å styrkje bedrifta.

– Vi har fått ein sterk og trygg, tydeleg og erfaren leiar som kan leie organisasjonen i same retning. Vi leita etter ein person som bur i regionen med erfaring frå møbelbransjen, og kunnskap og bakgrunn frå produksjon, produkt- og prosessutvikling, ein person som kan arbeide både operativt og strategisk. Vi er så heldige at vi har funne ein med desse eigenskapane gjennom Ivar Sandnes.

Det sa Fredrik Asplund, under presentasjonen av Ivar Sandnes tysdag.

Stokke

Sandnes er sivilingeniør og busett i Ålesund. Der bur han med kone og tre nesten vaksne born. Sandnes kjem rett frå Gagn Consulting der han har arbeidd som konsulent i ein kortare periode. Før det arbeidde han i ei årrekkje hos Stokke. Først hos Stokke fabrikkar, som i dag heiter Varier, før han gjekk over til Stokke-gruppa. Sandnes kjenner godt til Fora form-miljøet på Mosflata. Han var med og prosjekterte Fora Form sin nye fabrikk på starten av 2000-talet, og han er såleis godt kjend med fleire tilsette på Mosflata frå tida i Stokke. Sandnes har også røynsle frå Glamox på Molde.

Ivar Sandnes, som opphavleg kjem frå Eidså i Vanylven, gler seg til å leie Fora Form.

– Eg ser fram til å jobbe i Fora Form. Dette er ei spennande bedrift med mykje historie. Det ligg mykje kompetanse i fabrikken, og Fora Form er ei sterk merkevare og ei verksemd som er ein sterk aktør i marknaden, opplever Sandnes

.Han ser eit stort potensial i å vidareutvikle møbelprodukta. I samband med dette har Fora Form siste tida satsa sterkt på unge designarar som er lagt merke til i marknaden.

– Vi har konkurranse både frå inn- og utland, og det er heile tida viktig å fornye seg i marknaden, seier Sandnes som også vil sjå om arbeidsprosessane på fabrikken, det ein finn kring 40 tilsette, kan betrast

.Fora Form er inne i ei god utvikling.

– Ja, det ser positivt ut. Vi har ein betre situasjon i år enn i 2015. Vi skal halde fram å vekse, noko også eksportmarknaden skal bidra til, seier konsernsjef Fredrik Asplund.

Han forventar auka sal og betre resultat i ein bransje som er sterkt utsett for konkurranse. Asplund konstaterer med glede at det no kokar langt meir i renoveringsmarknaden enn i fjor, noko Fora Form dreg nytte av. Også innan tradisjonell offentleg marknad er det vekst.

Salssjef Frode Sporsheim meiner det er gjennom eksport den største auken kan kome.

– Eksport er veldig fråverande hos oss i dag. Vi har litt eksport til Sverige og Japan. men det kan også vere potensial for eksport til Danmark, Tyskland og Benelux-landaGardermoen har i mange år vore ein viktig marknad for Fora Form.

I desse dagar er bedrifta i ferd med å montere ferdig 17.00 møblar i samband med utvidinga av flyplassen.