Det går fram av resultatet frå lensmannsskjønet som vart halde etter flaumen i Storelva i Barstaddalen 9. august. Då oppstod det skade på elveførebygginga, vegen på førebygginga, elvebardar, elveløp og gangbruer. Flaumdagen var det lokalt svært kraftig regn lengst framme i Barstaddalen. Sideelvar og Storelva vaks opp og vart svært flaumstor, og elveførebygginga og elvebardar vart utgropa, og elveløpet vart endra fleire stader. Flaumen førte med seg tre, røter, stein og lausmassar ned over elva og dels heilt ut i fjorden.

Barstadvik Elveeigarlag har saksøkt Statens Naturskadefond i samband med gjenoppretting og skadeutbetring av elva. Det vart halde synfaring i elva 30. august der skjønsmenn er Lars Olav Tvergrov og Kjell Arne Aurstad, med lensmann Guttorm Hagen som skjønsstyrar. Skjønsmennene er utnemnde av tingretten. Retten fann grunn til å gå utanom det faste utvalet av skjønmenn i fylket etter tilråding frå lensmannen. I høve synfaringa møtte Knut Inge Volle, Pål Børre Barstad, Frode Sætre, Nils Martin Romestrand, Sindre Volle, Kjell Arne Sætre, Erling Barstad, Nils Reidar Barstad og Agnete L. Karlsen. Dei skadelidne fekk høve til å uttale seg og å påvise skadane.Taksttyrar la fram krav om naturskadeskjøn frå Barstadvik Elveeigarlag.

Kostnaden for reparasjon av elveførebygginga og reinsking av elveløpet frå Erdalsbrua og fram til enden av dyrkamarka på Erdal, og å reetablere tidlegare elveløp ved to punkt ved Melbøsetra og førebygging ved Barstadsetra, er berekna til å koste 892.000 kroner. Reparasjon av brua over Storeelva og brua over sideelva ved Barstadsetra er berekna til å koste 67.000 kroner. Reparasjon av elveførebygging og reinsking av elveløp nedanfor Erdalsbrua er berekna til å koste 679.000 kroner. I tillegg kjem kostnader for mindre sikringstiltak på 67.000 kroner.

Fristen for å krevje overskjøn er ein månad frå 16. september. Det er styret for naturskadefondet som tek avgjerd om erstatning.

– Løyve til at takst skal haldast er ikkje ei avgjerd om at erstatning skal ytast, seier lensmannen i skjønsprotokollen.