Trivselslaget sende brev til samfunnsutvalet som fungerer som trafikktryggingsnemnd i Ørsta kommune. I førre veke var nemnda på synfaring fleire stader i kommunen, og såg og på det aktuelle området som trivselslaget har sett søkelys på.

– Vi vil hevde at trafikkmengda på vegane som går forbi husa våre er aukande og at skulevegen for ungane våre er utrygg. Vi ser også at Melsgjerde industriområde vil auke tungtrafikken gjennom grendene våre, og ser med interesse at det er teikna inn gangveg frå industriområdet over brua som stoppar når den kjem inn på fylkesvegen. Dette tykkjer vi er ille, skriv trivselslaget.

Dei krev at det vert bygd gangveg langs Dalevegen, og at det kjem ei stålbru ved sida av Høgebrua som kan nyttast for skuleborn til Åmås Friskule.

– Vi krev difor at det vert laga gangveg som byrjar der Brungotvegen kjem ned på Follestaddalsvegen og følgjer Follestaddalsvegen ned til fylkesvegen ved Høgebrua og vidare nedover fylkesvegen slik at vi får tilknyting til gangvegen ved fylkesvegen på Mo.

Trivselslaget ynskjer og at det kjem lys Brungotbrauta.

– Den vert nytta som skuleveg både for ungar som skal på Åmås Friskule og som skal til busshaldeplass for å ta bussen til Ørsta Ungdomsskule.

Leiar Inge Kolås i samfunnsutvalet har opplyst at utvalet vil samle seg til arbeidsmøte på Legene i snarleg framtid.

– Administrasjonen i Ørsta kommune har på førespurnad frå samfunnsutvalet i Ørsta, vedteke at dei vil utarbeide felles retningslinjer/generell standardavtalar på tilrettelegging for grunnspørsmål til gang og sykkelstiar/råser/snarvegar i Ørsta kommune. Når desse retningslinjene er utarbeida, vil samfunnsutvalet invitere seg til eit møte med grendalaga på Brungot-Åmdal-Follestaddalområda. Det vert liknande folkemøte rundt om kring i kommunen elles, då dette gjeld heile kommunen, seier Kolås.

Hovudutfordringa knytt til utbygging av gangvegar og andre trafikktryggingstiltak er grunnspørsmålet.

– Retningslinjene/standard løysingar for avtalar om inngåing av fri grunn frå grunneigarar/frivillig grunnavståing, vil legge til rette for ein dugnad til å få til bygging av gang og sykkelstiar rundt om kring i heile kommunen vår. Fyrste del av denne dugnaden er at grunneigarane gjev fri grunn. Andre aktørar vert då kommunen, fylke og vegvesen, alt etter om det er kommunal eller fylkesveg. Det andre næringslivet kan også vere medverkande dugnadsaktørar. Ein slik modell vil gje grendelag, velferdslag, «andre pådrivarlag» i samarbeid med eit politisk engasjement, større sjanse for å nå fram med spleiselag på utbygging av gang og sykkelstiar i eit heilt anna tempo enn det som har vore i dei siste ti åra i kommunen. Dette vil medverke til at trafikktrygging for unge og gamle, og for framtidige generasjonar, vil verte vareteke og sett på dagsorden til ein kvar tid.