Entreprenøren Veidekke melder om at han er rute i høve planlagt overlevering av nybygget som er avtalt til primo mars 2017, melder Volda kommune.

Innomhus går det føre seg arbeid med etablering av deleveggar for dei ulike romma. Samtidig vert det arbeidd med framføring av tekniske anlegg innan elektro-, ventilasjons- og røyrleggarfaga. Utomhus går det føre seg arbeid for å ferdigstille den delen av utearealet som skal overleverast saman med det nye skulebygget.Sidan overlevering skal skje allereie i mars, må mykje utomhusarbeid vere ferdigstilt før vinteren sett inn.

Etter at skulen har flytta inn i nybygget, skal paviljongen renoverast og gamleskulen sanerast. Alle arbeida i prosjektet er planlagt å vere ferdigstilt innan medio oktober 2017.