Måndag opna Ørsta Volda Dyreklinikk dørene til nyoppussa, større og skreddarsydde lokale i Helsehuset, i lokala til tidlegare Fotograf Lystad. Og det var ei strålande nøgd Siw Lødemel som tok imot kundar frå fjern og nær.

– Eg er veldig stolt over det nye lokalet. Alt er betre i det nye lokalet, og vi har fått det slik vi ville på ein perfekt stad i sentrum, seier veterinær Lødemel smilande.

No har eigaren av dyreklinikken meir enn dobla arealet i klinikken. Og Lødemel har fått på plass ei rekkje spesialrom. Også dei som må ta den tunge avgjersla om å ta farvel med kjæledyret sitt har fått eige rom for dette. No vert det tent eit lys kvar gong eit dyr skal avlivast.Og så kan Lødemel og dei tilsette ha matpause i eige pauserom. Slik var det ikkje før i lokala i Webjørn Svendsen-gata, eit steinkast frå dei nye lokala. Der hadde klinikken sprengd kapasitet, og lokala hadde lenge vorte for små.

Med mykje nytt utstyr står klinikken no fram som ei mønsterbedrift for behandlingar av kjæledyr for veterinæren og dei to faste tilsette, ein dyrepleiar og ein assistent. I tillegg kjem ekstrahjelp.

Starta heime

Siw Lødemel starta dyreklinikk heime hos seg sjølv i Melsbygda for seksten år sidan. I 2008 flytte ho klinikken til sentrum av Ørsta. Heile tida har trafikken auka, og dei tilsette har mykje å gjere i løpet av ein arbeidsdag. Kundane kjem frå eit stort område, også frå øyane. Den vanlegaste kunden er ein hund eller ein katt.

Typisk for ein katt som kjem hit er at han har vore i slåstkamp og treng behandling. Når det gjeld hundar er det mange som reng behandling for diare, luftvegsinfeksjonar eller eksem. Klinikken utfører også mange helsekontrollar, og tilbyr m.a. ultralyd, røntgen, blodanalyse, tannrens og operasjonar.

Siw Lødemel rosar hundeeigarane for godt dyrehald.

– Sidan eg starta som veterinær merkar eg stor skilnad på dyrevelferden. I dag gjer m.a. mange dyreprogram i fjernsyn at folk er meir medvitne å ta vare på kjæledyr, også born, opplever Lødemel som i løpet av ein arbeidsdag er alt frå helsesøster til indremedisinar, kirurg og tannlege.

Ei anna endring ho merkar er kjæledyr som er overvektige. Dette er eit større problem enn for nokre år sidan.

På opningsdagen måndag var det gratis helsekontroll av alle kjæledyr. Klinikken spanderte også kake og kaffi.