Det seier ordførar Stein Aam etter at det er klart at Ørstaterminalen vert utvida med ein eigen tømmerterminal, takka vere 12,5 millionar statlege kroner.

– Vi ventar framleis 5,5 millionar kroner på å få prosjektet fullfinansiert. Her reknar vi med tilskot frå fylkeskommunen, og dessutan må kommunen vere budde på å betale ein del, seier Aam.

Då landbruksminister Jon Georg Dale kom til Ørstaterminalen for å fortelje om tildelinga sist onsdag, utfordra han kommunane til å leggje til rette for tømmerdrift. Dette gjeld særleg det kommunale vegnettet, der det somme stader ikkje toler nok akseltrykk til at tømmerbilar kan køyre på dei.

– Her har Ørsta alt teke tak. Vi har oppgradert ti kommunale vegar for å kunne bruke høgare akseltrykk, seier Aam.

Faktisk var det eit vilkår for tildelinga av midlane til Ørstaterminalen at Ørsta kommune tok tak i det kommunale vegnettet.Ordføraren er sjølv skogeigar, og saman med atten andre grunneigarar har han vore med på å ruste opp skogsvegen på Vatne til Aldalen.

– Skogsvegbygginga og oppgraderinga av traktorvegar til skogsvegar er viktig for å få flyt i tømmerdrifta. Og dei bøndene og skogeigarane som greier å ruste opp skogsvegane, vil oppleve at prisen på tømmeret vil stige fordi drifta vert mykje meir rasjonell, seier Aam.

Han er glad for at det er optimisme i skognæringa igjen, og no seinast med avklaringa om at det vert satsa på Ørstaterminalen.

– Ørsta-planen er eit kjent omgrep. Her var ei veldig skogreising, men det er ikkje tvil om at mange fekk seg ein trykk med orkanane. Fleire tvilte på om det ville vere mogleg med ei rasjonell skogsdrift i vårt område. No meiner eg dette har snudd, seier Aam.

Skogbrukssjef for Ørsta og Volda, Roger Nedreklepp, er også glad for løyvinga til Ørstaterminalen.

– Det er framtidsretta å ha god kapasitet for sjøtransport. Det siste året har vi fått opp eit høgt kvantum med hogst i Ørsta og Volda, og skal vi ha like høgt kvantum i åra framover er det viktig å vite at vi får ei tømmerkai med stor kapasitet, seier Nedreklepp.

Han rosar administrasjonen i Ørsta kommune for å ha stått på for å få tildelt statlege midlar til Ørstaterminalen.

– Det er gjeve to avslag tidlegare, og spesielt andre gongen var det tungt å svelje, seier Nedreklepp.