Kommunen er invitert til å ta del i dette planleggingsarbeidet. Dersom kommunen seier nei til dette, så vil kino/kultursalen/fleirbrukslokalet gå ut av planane. HVO vurderer nytt mediebygg som avgjerande for framtida til medieutdanninga i Volda. HVO har eit svært stramt tidsløp, og må ha eit nytt bygg ferdigstilt og innflyttingsklart til 1. januar 2021.

I formannskapet i Volda 20. september gjorde dei eit vedtak med tilråding til kommunestyret om å godkjenne ein intensjonsavtale mellom Høgskulen i Volda og Volda kommune. Vidare at intensjonsavtalen i alle høve inneber eit økonomisk ansvar innanfor ei ramme på 800.000 kroner. Den politiske arbeidsgruppa som er utnemnt følgjer arbeidet med skisseprosjektet for kino/kultursal/fleirbrukssal. Gruppa vert utvida med inntil tre representantar frå kulturlivet i Volda. Arbeidsgruppa får ansvar for å definere kommunen sitt behov i prosjektet og krav til funksjonalitet. Dette må balansere med ambisjonar som gjeld for liknande referanseprosjekt som har vore realistiske å gjennomføre.