Formannskapet seier samrøystes ja til ein reguleringsplan for ti nye nausttomter på Sætre i Ørstafjorden.

Forslagsstillar er Sindre Humberset, med Per Mulvik AS som plankonsulent. Tiltaket er i samsvar med kommundelplanen for Ørsta sentrum og Hovdebygda. FPlanen legg til rette for utbygging av totalt ti frittståande naust, med tilkomst og parkering. Fleire av nausttomtene skal frådelast og seljast.Nausta skal byggast i éin etasje med grunnflate maks 40 m2 BYA. Fleire av krava frå fylkesmannen vedkomande utforming er teke inn i føresegnene, noko som sikrar ei tradisjonell utforming. Det blir lagt opp til ei gruppering av nausta, noko som vil redusere inntrykket av ei konsentrert utbygging.