Den tiltalte mannen vart funnen skuldig i ei valdtekt i 2014, i tillegg til fleire tilfelle av utuktig omgang med barn under 16 år i 2013 og 2014. I samband med valdtekta skal mannen ha dytta den fornærma ned i ei seng, slått henne fleire gonger i ansiktet og halde henne fast.

I retten erklærte mannen seg skuldig i utuktig omgang, men ikkje i valdtekt. Forklaringa hans når det gjeld tiltalepunktet om utuktig omgang samsvarer med dei fornærma sin, men han erkjenner ikkje å ha utsett dei fornærma for press eller manipulasjon. Han var tiltalt for brot på paragraf 192 (valdtekt) og paragraf 196 (utuktig omgang) i straffelova.

To fornærma

Det er to fornærma i saka. Mannen er tiltalt for valdtekt av den eine fornærma og utuktig omgang med begge. Begge var under 16 år då hendingane skal ha skjedd.

I bevisvurderinga har retten lagt vekt på forklaringane til dei fornærma. Ifølgje retten har dei stått fram som truverdige og nøkterne i framstillingane sine. Begge dei fornærma har hatt psykiske vanskar etter hendingane. Det har vore verst for den eine av dei, som har fått påvist posttraumatisk stressliding, angst og depresjon.

Psykologen til den eine fornærma har forklart seg i retten, og retten er sikre på at dei psykiske er problema til dei fornærma har oppstått på grunn av den seksuelle omgangen med den dømte mannen, og at skulegangen og det sosiale livet til den eine av dei fornærma er betydeleg hemma som følgje av hendingane.

Oppreisingserstatning

Retten finn det straffeskjerpande at tiltalte har utnytta to jenter som var sårbare og betydeleg yngre enn han sjølv. Det er formildande at mannen har erkjent straffskyld for tiltalepunkta som handlar om utuktig omgang. Det er også gitt noko frådrag i straffa for behandlingstida i saka frå påtalemyndigheita si side.

Bistandsadvokaten til dei fornærma la ned påstand om oppreisingserstatning for begge dei fornærma, på 125.000 kr for den eine og 75.000 for den andre. Retten meiner saka har vore ei stor belastning for dei fornærma og at vilkåra for oppreisingserstatning er oppfylt. Retten er også samd i storleiken på erstatninga. Dommen i Søre Sunnmøre tingrett er samrøystes.