Urke Småbåtlag har investert i fem nye betongbrygger. Det nye kaianlegget har blitt flytta samanlikna med det gamle, og det er gjort store investeringar på land. Fire av dei nye betongbryggene er for båtplassar til folk på Urke, og ei skal nyttast til gjestebrygge. Anlegget har allereie blitt teke i bruk, og på dei to siste helgene har nær 25 båtar nytta gjestebrygga på Urke.

– Vi har brukt 1,8 millionar kroner på kontrakten med Marina Solutions, og så har vi brukt pengar på m.a. landanlegg og oppmuring, seier styreformann Johannes Halland i Urke Småbåtlag.

Det var i vår at småbåtlaget tok kontakt med Marina Solutions om dei nye planane om utviding av kaianlegget.

– Vi kom raskt i gang, og starta opp prosessen med Ørsta kommune. Dei var velvillige og framskunda ein del prosessar. Anlegget er så stort at det måtte ut på høyring, men det var ei positiv haldning i bygda. Monteringa av anlegget starta 6. juli etter at vi hadde fått byggjeløyva, seier salsansvarleg Otto Aam i Marina Solutions.

Den største utfordringa med det nye kaianlegget er fjorden er så djup, og difor går forankringane eit godt stykke ut i fjorden.

45 av 48 båtplassar er selde

No er kaianlegget på Urke 144 meter langt, og det er totalt 48 båtplassar.

– Av dei 48 båtplassane er 45 av dei selde. Det bur 53 menneske her, og det er nesten ein båtplass til kvar. Vi har rekna ut at det er 14 fastbuande som har båtplass, og resten er hytteturistar. For dei som kjem med båt til Urke har det blitt veldig populært å på Saksa eller vitje Urke Kaihus, seier Halland.

– Dette er eit stort løft for heile bygda, for turistar og gjestebåtar som legge til her, seier Aam.

Fredag denne veka kjem Hurtigruta inn Hjørundfjorden for første gong denne sesongen, og det nye kaianlegget er og bygt med tanke på å ta imot Hurtigrute-passasjerar på best mogleg måte.

Etter at kaianlegget offisielt var overrekt vart dagen markert med vaflar og kaffi på Urke Kaihus.