Det sa reiselivssjef Geir Steinar Vik i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre då Ørsta kommune inviterte til innovasjonsmøte om Hjørundfjorden torsdag. Destinasjon Ålesund og Sunnmøre starta så smått å arbeide med Hjørundfjorden i 2006. I 2010 gjennomførte dei ein test med å marknadsføre ski and sail i VG.

– Tilbodet var ein gratis tur i ei veke. Det var ti plassar, og vi klarte å få med fem personar. Til slutt vart det ti personar med på turen, men det er i stor kontrast til High camp på Sæbø tidlegare i år der 250 billettar var utselt på eit blunk. Det hadde ikkje skjedd utan at dei ulike interessene og aktørane i fjorden jobbar saman.

Vik peika på at det er gryande turisme i Hjørundfjorden, det vert gjort investeringar og turistsesongen har blitt lengre. Det siste året har Destinasjon Ålesund og Sunnmøre arbeidd med konseptet The Royal Fjord Route der turistane går på bussen i Ålesund, vert frakta til Ørsta og Hjørundfjorden, gjennom Norangsdalen til Geiranger og tilbake til Ålesund

Rundtur

– Vi har fått ein god partnar i FRAM og denne rundturen ligg no booka med offentleg transport. Mottakinga har vore veldig god. Førebels er snakk om må summar, men dette kan bli stort.Vik påpeika at du aldri blir ferdig med å byggje ei merkevare.

– Hjørundfjorden er ikkje ei merkevare enno, men vi har ei råvare og eit produkt som vi kan byggje over tid. For å få det til må vi dra i det same tauet.Reiselivssjefen understreka at gjennom ein tiårsperiode har Destinasjon Ålesund og Sunnmøre investert millionvis av kroner i Hjørundfjorden, men dei fryktar cruisetrafikk.

– Hurtigruta har vore eit gode, og har hjelpt veldig med marknadsføringa. Kjensla i teamet vårt er at vi er veldig redd for cruisetrafikk i Hjørundfjorden. Vi ynskjer at fjorden skal noko anna enn Geirangerfjorden, og ha ein anna verdi. Med cruisemarknaden kan vi miste kontrollen på produktet vårt, og vi har så mykje anna å byggje i Hjørundfjorden.

Styreleiar Bjarne Rekkedal i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre støtta Vik.

– Skrur vi tida ti år fram så vil det vere galskap å ta i land 2.000 menneske på Sæbø.

Næringssjef Odd Magne Vinjevoll orientert dei frammøtte om arbeidet som er lagt ned så langt. Det har og blitt gjennomført idedugnad med næringslivsinteressene i Hjørundfjorden, og Vinjevoll kom med eit konkret forslag om arbeidet vidare.

– Vi må ha ei strategiplan som er forankra i administrasjonen og politisk leiing. Dette kan vere lokalt eller i fylkeskommunen. Ein masterplan med dokumentasjon for satsingsområda må vere forankra i næringa, og det må vere finansiering som følgjer planen. Ansvar for gjennomføring og rapportering bør ligge i eit utviklingsselskap.