Trass tapet, handballfest vart det i Ørstahallen. Fyllingen sparte ikkje på noko, og gav publikum og Ørsta-spelarane ein leksjon i handball på høgt nivå.

Fyllingen tok kommandoen frå start, og var oppe i 7–0 for Ørsta fekk sitt fyrste mål, og reduserte til 1–7. Då viste klokka sju minutt.

Det unge Ørsta-laget opplevde at gapet vart større og større, og til pause var det 25–7 til gjestene.

I andre omgang kasta Fyllingen på endå meir kol, og skåra tretti fleire mål. Ørsta skåra to fleire enn i fyrste omgang, slik at tavla viste 55–16 då sluttsignalet gjekk.

For mykje respekt

Ingen hadde venta siger for Ørsta i tredjerunde-kampen, men lagleiar Lars Øie var likevel ikkje heilt nøgd etter kampen, og meiner Ørsta kunne ha prestert betre.

– Vi hadde eit ungt lag grunna skadefråvær og anna, men likevel meiner eg vi viste Fyllingen for mykje respekt, seier Øie.

Likevel, han kan ikkje unngå å nemne nivåskilnaden på eit toppserielag og eit lag på fjerde nivå.

Sterkare og raskare

– Fyllingen-spelarane var mykje sterkare. Dei var mykje raskare. Dei skaut hardt og flytta seg mykje kjappare enn oss. Då er det vanskeleg å hengje med, seier Øie.

Publikum var i alle fall med under heile kampen, og jubla for kvar Ørsta-skåring og kvar redning Ørsta-målvaktene hadde. Spesielt Håvard Skaar stod godt i mål mot slutten av kampen, og plukka ned fleire Fyllingen-skot.

Toppskårar for Ørsta vart Tom Slenes med fem mål, medan Per Ingebrigtsen skåra fire.