Det er smp.no som melder dette.

Saka om framtidig kontorstruktur var oppe til handsaming i styret fredag. Der vart det vedteke å be Kunnskapsdepartementet om fullmakt til å leggje ned to av dagens seks kontorstader. Det gjeld Ørsta og Tromsø.

Om departementet gir klarsignal vert kontora lagt ned innan januar 2020.

Ved kontoret i Bergen vert det tilsetjingsstopp, noko som betyr at kontoret vert lagt ned på sikt.

Lånekassen i Ørsta har i dag 22 tilsette.

Smp.no siterer frå vedtaket:

- Lånekassen er ei digital verksemd, der hoveddelen av kundebehandlinga skjer med sjølvbetjening og heilmaskinell behandling. Vidare digitalisering av tenester og automatisering av arbeidsprosessen, i samsvar med Lånekassens strategi, vil føre til redusert omfang av manuell saksbehandling.

-Dagens kontorstruktur med manuell saksbehandling på seks lokasjonar er ikkje robust i eit langsiktig perspektiv, heiter det i vedtaket.