Siste torsdagen i september startar årets Pårørandeskule, og over fire kurskveldar i haust vert det faglege innlegg og god til tid til spørsmål og samtale.

Den 29. september kjem Øystein Ørjasæter til Pårørandeskulen.

– Ørjasæter har reist rundt og fortalt om korleis det er å vere pårørande til nokon med demens. Kona til Ørjasæter fekk Alzheimer-diagnosen, og no er det siste gang at han reiser rundt «Den lange trappa». Vi er svært heldige som får han til Pårørandeskulen, seier leiar Jørn Humberset i demensforeininga.

Under den første kurskvelden vil Åse Marie Heggen og Kjersti Årøen informere om tenestetilbodet for personar med demens i Volda og Ørsta kommunar.

– Programmet denne hausten er frå pårørande som har eigne opplevingar med demens, Maisa Lillebø er pensjonert geriater og vil informere om sjukdomsbiletet og det vil og bli ein del informasjon knytt til m.a. økonomi og å leite seg fram i byråkratiet. Kvar kveld vert avslutta med samtale, og vi har fått mykje tilbakemeldingar på at det er veldig nyttig og kjekt for dei som har blitt pårørande til nokon med demens, seier Årøen.

Målsetjinga for Pårørandeskulen er å gi pårørande auka kunnskap om demenssjukdomar. Å gi grunnlag for at pårørande betre kan takle sin situasjon i høve til familie og vener. Å betre kvaliteten på samværet med den sjuke, i heimesituasjon og på institusjon, og bidra til at pårørande får kjennskap til kva rettar dei har, og korleis dei får kontakt med hjelpeapparatet. Ifølgje kommunane og demensforeininga er demenssjukdomar framleis litt tabubelagt.

– Demens er ein sjukdom, men for mange er det dessverre knytt til skam. Difor er det viktig med kunnskap.

Dei som ynskjer å ta del i Pårørandeskulen, må melde seg på.

– Det kan vere familie, naboar og kven som helst som ynskjer å få meir informasjon og kunnskap. Tilbodet er gratis.

– Viss ikkje pårørande har kunnskap om demenssjukdomar, så veit dei ikkje heilt korleis dei skal handtere det. Det er veldig spesielt, og det er ein anna måte å leve i kvardagen på, seier Humberset.

På dei tidlegare Pårørandeskulane har det vore 20–30 påmelde, men arrangørane ynskjer at enno fleire vil ta del.