Onsdag ettermiddag meldte politiet på twitter om eit arbeidsuhell i Hovdebygda. Uhellet skal ha skjedd i samband med trefelling, og politi og helsepersonell rykka ut til ulykkesstaden. Den skadde mannen vart frakta til Ålesund sjukehus med luftambulanse.

Klokka 17.45 opplyser politiet at mannen er erklært død. Etterforsking pågår, og dei involverte vert tekne hand om av kommunal omsorgsgruppe.