– Det er ikkje kvar dag vi opnar investeringar og anlegg som har vore  i drift i eitt års tid, men vi vil gjerne på Sunnmøre vite at investeringane virkar tilstrekkeleg før vi feirar dei. Det skal vi gjere i dag, sa landrbruks- og matminister Jon Georg Dale då han offisielt opna setjefiskanlegg i Steinsvika i Dalsfjorden tysdag.

Ordførarar frå heile Søre Sunnmøre, landsbruks- og matministeren, konsernsjefen i Marine Harvest og lokalbefolkninga i Dalsfjorden var alle invitert til opninga, og det er ikkje ofte at det er samla så mykje folk i Steinsvika. Setjefiskanlegget har i dag femten arbeidsplassar, og Dale poengterte at det er viktig for Dalsfjorden.

– Norsk oppdrettsnæring kan ikkje flyttast nokon plass fordi dei er avhengig av naturressursane som vi har. Den type arbeidsplassar som vi skal markere opninga for i dag er alvorleg viktig for å oppretthalde grunnlaget for at det bur folk over heile landet. Det vert avslått av syttifem prosent av befolkninga vår skal bu i byar i 2050. Viss dei får rett kjem byane våre til å vere frykteleg avhening av det bur att nokon på utsida som kan skape verdiar som dei skal leve av. Den investeringa som er gjort her bidreg til at arbeidsplassar i Dalsfjorden kjem til å vere her i mange år framover. Det treng vi, sa Dale før anlegget offisielt vart opna.

Etter omvisning på anlegget for gjestar og frammøtte, vart det servert mat. Og sjølvsagt var det laks i forskjellige variantar som stod på menyen.