I løpet av årets fyrste kvartal var det 396 personar busett i Ørsta kommune som hadde hatt legemeld fråvær frå jobben sin. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå, som samarbeider med NAV om tala.

Det betyr at heile 8,2 prosent av alle sysselsette i Ørsta har vore sjukemeld i den aktuelle perioden. Dette er meir enn landsgjennomsnittet, som er 6,2 prosent. I Volda kommune var det 247 personar som hadde legemeld fråvær i løpet av årets tre fyrste månader, og dette utgjer 6,2 prosent av alle arbeidstakarar i kommunen – nett som landsgjennomsnittet.

I Møre og Romsdal har Nesset kommune størst fråvær blant sine sysselsette innbyggjarar, med 8,6 prosent av arbeidstakarane som hadde vore borte frå jobb på grunn av sjukemelding. I den andre og langt «friskare» enden av tabellen er Sunndal kommune med  4,9 prosent i fyrste kvartal.

På landsbasis finn vi ei rekkje småkommunar på topp, og aller best ut kjem Moskenes kommune i Lofoten, der berre 2,4 prosent av «arbeidsstyrken» måtte leggje inn åra for ein periode. Størst sjukefråvær har Ballangen i Nordland. Der var 12,5 prosent av arbeidstakarane sjukemelde i løpet av fyrste kvartal.

Ørsta har berre den 394. «friskaste» plassering blant dei 428 kommunane i Noreg. Volda er nummer 161 på denne landsoversikta.

Det har vore ei lita forbetring på landsstatistikken frå same periode i fjor. Og det er kvinnene som har sørgt for endringane, kan SSB melde.

– Sjukefråværsandelen for kvinner har sokke frå 8,4 til 8,1 prosent, mens for menn har den halde seg om lag uendra, skriv dei.

Det er dessutan nedgang i alle dei større næringsgruppene, også innan oljen.

– Men her har det likevel vore ein auke i delen, då mengda som jobbar i næringa har gått ned i enda sterkare grad, skriv byrået på nettsidene sine.

På landsbasis har fråværet gått ned frå 6,3 prosent til 6,2 prosent, mens det i Ørsta kommune har vore ein stor auke frå 7,5 prosent til 8,2 prosent. I Volda kommune har det vore ein nedgang frå 7,4 til 6,2 prosent.

Det er berre Nordland av fylka som har ein liten auke, på 0,1 prosentpoeng. Størst nedgang har Telemark, som går ned frå sju til 6,5 prosent i løpet av det siste året. «Friskaste» fylke er Oslo, med fem prosent.

Yngve Johnsen

En-to-tekst