Det viser Norsk Familieøkonomi sitt siste oversyn over avgiftsnivået i norske kommunar.

Oversikta plasserer Ørsta på ein 49. plass, og der ein gjennomsnitts husstand må ut med 9.032 kroner i avgifter til kommunen i løpet av eitt år, inkludert eigedomsskatt.

Volda kommune er ranka som nummer 57, og med ein sum på 9.261 kroner i kommunale avgifter per år. Både Ørsta og Volda kommunar har vore nærmare dei rimelegaste kommunane tidlegare år, og det som i hovudsak har ført kommunane nedover på lista, er innføringa av eigedomsskatt.

Norsk familieøkonomi har samanlikna følgjande avgifter: vatn, kloakk/avlaup, renovasjon, feieavgift og eigedomsskatt.

For å samanlikna vassavgiftene er det anten nytta eit stipulert forbruk for 120 kvm bruksareal, eller ein har nytta prisen for eit forbruk på 150 kbm der det er kravd vassmålar. For å samanlikna kloakkavgiftene er det nytta dei same einingane, medan samanlikningsgrunnlaget for renovasjonsavgiftene er ein standardbustad med 120 kvm bruksareal.

For å samanlikne feieavgiftene, er det rekna ut eit gjennomsnittleg årsgebyr for feiing og tilsyn av eitt piperør. Samanlikningsgrunnlaget for eigedomsskatten er summen som må betalast for ein einebustad på 120 kvm. Summane er presenterte utan moms, og tala er henta frå 2015.

I Ørsta viser tala at det i 2015 vart krav 2.340 kroner i vassavgift, 2.311 kroner i kloakkavgift, 1.800 kroner i renovasjonsavgift, 481 kroner i feieavgift og 2.100 kroner i eigedomsskatt.

I Volda syner tala at det vart kravd 2.362 kroner i vassavgift, 676 kroner i kloakkavgift, 1800 kroner i renovasjonsavgift, 423 kroner i feieavgift og 4.000 kroner i eigedomsskatt. Skilnaden mellom Ørsta og Volda ligg altså i at kloakkavgifta er vesentleg rimelegare i Volda, medan eigedomsskatten ligg på eit lågare nivå i Ørsta, i følgje Norsk familieøkonomi.

I Møre og Romsdal er det fleire kommunar som er rimelegare enn Ørsta og Volda. Det gjeld Aure (6.548), Stordal (7.748), Vanylven (7.887), Ålesund (8.038), Ulstein (8.495) og Sandøy (8.799).

Rimelegast i landet er Sola med ein samla sum på 5.269 kroner, medan Gjemnes i Møre og Romsdal krev flest avgiftskroner med 21.008.