– Hangar-kapasitet er ein føresetnad for vekst og utvikling for klubben. Fly må lagrast innandørs med tanke på å ta vare på verdiane, men også ut ifrå forhold som er knytt til tryggleik.

Det seier leiaren i flyklubben, Oddvar Strand i eit skriv til Ørsta kommune der flyklubben søkjer idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning i samband med byggjeplanane. For der er faktisk slik at flyklubben også er medlemen av Ørsta idrettsråd.

Oddvar Strand gjer det i søknaden klart at det er vanskeleg å utvikle flyklubben si verksemd utan ny og større hangar.– Dagens situasjon gjer det vanskeleg å utvikle klubben si verksemd, og det er stor trong for å få bygt denne hangaren så raskt som råd. Det å kunne lagre fly innomhus har stor betydning både operativt og når det gjeld tryggleik, seier Strand.

Argument

Eit viktig argument for betre lokalitetar for flya er at flyklubben no er ein del av Hovudredningssentralen og lokale redningssentralar sin beredskapsressurs i samband med søk og redningsaksjonar.

Klubben sine medlemmerhar no kring sju fly som treng tak over hovudet, og klubben har berre plass til fem-seks fly i dag. Dessutan er det fleire medlemmer som ventar på hangardsplass for å kjøpe føly.

– Vi ser føre oss at ein ny hangar vil kunne få plass til tolv fly. Dette vil stette krava våre på lang sikt, seier leiaren i flyklubben.

Hangaren skal setjast opp vest for Widerøe sin hangar. Der har flyklubben fått tilvist tomt frå Avinor. Bygget skal delast i to seksjonar, flyhangar til eiga verksemd på 407 kvm og garasjeanlegg til Avinor på 385 kvm.

Kostnad

Den nye hangaren har ei kostnadsramme på om lag 3,1 millionar kroner. Finansieringa skal sikrast gjennom dugnad, eigenkapital, spelemidlar og banklån for flyklubben som har sunn og god økonomi.