– Det er bestemt frå sentralt hald at vi skal ha opne kontorlandskap, som ein del av profilen til - og måten vi skal arbeide på framover i Mattilsynet. Dette gjeld for alle kontora i heile landet. I samband med dette vart det lyst ut ein konkurranse etter nye lokale. Det er etter denne at det vart bestemt at kontoret vårt i Dragsund vert flytta til Ørsta, fortel seksjonssjef på sekjson for fisk og dyr i Mattilsynet, Anne Stine Foldal Aam.

Ny arbeidsstad for dei 11 medarbeidarane vert i Strandgata, i andre etasje over Fargerike. Huseigar Petter Myklebust er glad for å få nye leigetakarar. Etasjen, som er på 375 kvadratmeter, vart skadd under ei vasslekkasje i januar i år, men vert no bygd om for å ta i mot Mattilsynet.

– For oss er dette veldig positivt, og vi tenkjer også at Mattilsynet med dette får ei god plassering med kort veg både til Kvivsvegen og Eiksundsambandet, seier Myklebust.

Omvelting

Avdeling Sunnmøre har i dag tre kontorstader, i Dragsund, Ålesund og Stranda. Også Stranda flyttar inn i nye lokale.

– Det vert ei omvelting for mange av medarbeidarane å skulle bytte kontorstad. Nokre vil få lenger veg til arbeid, medan andre får kortare veg. Det er blanda kjensler for dette, trur ho.

Mattilsynet sitt kontor i Dragsund har hovudsakleg arbeid i dei sju kommunane på Søre Sunnmøre.

– Det er store avstandar, og også for mange av dei som nyttar seg av tenestene våre vert det no lenger reiseveg, men desse vurderingane er gjort sentralt, og dei har også teke høgde for at vi framleis skal kunne løyse dei oppgåvene vi er sett til å løyse.

Mattilsynet har tilsyn og forvalting på alt frå jord og fjord til bord, som Foldal Aam sjølv skildrar det.

– Det er positivt for Ørsta kommune, men der er også ein kommune som misser fleire statlege arbeidsplassar. Når det er sagt er det også slik at nye vegsamband sjølvsagt har gjort kvardagen mykje enklare for oss som er mykje ute på vegane. Fleire av medarbeidarane våre arbeider også med oppgåver knytt til kontoret vårt i Stranda, og dit vert det no kortare reisetid. Det vil sjølvsagt vere ein fordel, seier Foldal Aam.

Gladsak

Ordførar Stein Aam tok i mot beskjeden om at Mattilsynet flyttar til Ørsta med stor glede.

– Det er veldig positivt for Ørsta at vi får nye funksjonar og nye arbeidsplassar i bygda. Det er også viktig med tanke på at vi får liv i tome lokale, og at næringslivet får leige ut. Eg må snakke frå Ørsta sin ståstad. Det vil alltid vere slik at alle ikkje er heilt nøgde med ei avgjerd, men for oss er dette ei gladsak. Eg føler at der er ein positiv giv i Ørsta no. Det har gått vår veg i mange saker, til dømes med meieriet som er redda, og det er eg svært glad for, helsar ordføraren.

Desember

I andre etasje over Fargerike er der i dag lagt opp til 11 kontor, men grunna kritera om ope kontorlandskap skal deler av lokalet verte bygd om.

– Men her vert nokre område, mellom anna til bibliotek og kvilerom som vert meir avstengt, fortel Petter Myklebust, som er glad for å få leigd ut det meste av andreetasje, som har stått tom etter at revisorselskapet Hovden&Vatne flytta ut i januar etter vasslekkasjen.

Mattilsynet skal etter planen flytte inn i starten av desember.

<strong>Må flytte kontorstad:</strong> Seksjonssjef i Mattilsynet, Anne Stine Foldal Aam og dei 10 andre tilsette ved Mattilsynet i Dragsund får ny arbeidsstad i Ørsta frå desember av.