I mars lanserte Åge Folkestad frå Ålesund, med røter frå Folkestad, sin eigenproduserte blå kvitvin på restauranten sin i Altea, Spania. Den fekk så god mottaking at han ville satse på lansering i Noreg.

– Azul Mediterraneo er ein kvitvin med blå farge. Det er eit nytt og spennande prosjekt og noko heilt nytt i verda. Vinen er laga på Chardonnay-drua, men med litt moscatel. Druene er hausta inn tidleg i august for å gje mykje aroma og smak, og den har ein lang gjæringssprosses. At vi oppnår denne flotte fargen er ein liten hemmelegheit, og det er mange faktorar som eg ikkje kan røpe. Men fargen er organisk og heilt naturleg, og kjem frå de fargestoffet antocionia, som ligg rett under skalet på dei blå druene, forklarar Folkestad.

Folkestad har drive restauranten «Restaurante Casa Vital» i Altea i 15 år. Han driv eige vinimportfirma, Vino Casa Vital, og han har til saman utvikla 9 vinar med to bodegaer. Eine vinen fekk han gullmedalje for i ein internasjonal vinkonkurranse. Han ser fram til lanseringa av blåvinen og er spent på mottakinga.