Og det var ikkje berre dei lokale aktørane i idrettslaget som var glade for at dei endeleg kan spele fotball på kunstgras. Aalesunds Fotballklubb sin direktør, Henrik Hoff, hadde også teke turen til opninga saman med AaFK sin supersponsor Reidar Tryggestad og sonen Jon Erik Tryggestad. AaFK er glade i Sæbø og Hjørundfjorden. Og klubben er glad for at speleforholda på Sunnmøre betrar seg.

– Det er fantastisk at Sæbø IL får kunstgras. Det er viktig at slike anlegg utviklar seg. På den måten bidreg dei til talentutvikling og engasjement innan fotballen på Sunnmøre. AaFK er avhengig av at distrikta utviklar spelarar, seier Hoff til Møre-Nytt.Han kunne love at AaFK i løpet av hausten legg ei treningssamling til Sæbø, slik dei gjorde i fjor. Også Ørsta Fotball skal få besøk av AaFK, lova Hoff.

Born

Det var borna i Sæbø IL som fekk æra av å opne kunstgrasbana. Mykje folk hadde samla seg til den store hendinga laurdag. Dagen opna med middag for inviterte gjester og sponsorar. Deretter leidde Øyvind Taklo opningsseremonien. Han kunne fortelje at arbeidet med å få bygt kunstgras på delar av den gamle grasbana og grusbana tok til i 2010 då det vart sett ned ei nemnd for dette.

– Vi ønskjer å skape bulyst på Sæbø, då er det også viktig med god forhold for idretten, sa Taklo som gjorde det klart at kunstgrasbana aldri hadde vorte ein realitet hadde det ikkje vore for sponsorane. Også Reidar Tryggestad og AaFK har bidrege til anlegget.

Ordførar Stein Aam var ein sjølvskriven gjest under opninga. Han har eit nært forhold til fotballen på Sæbø der Aam har vore trenar.

– Eg har sterke kjensler for Sæbø IL. Eg har gjennom politikken ivra for å gi lag og organisasjonar støtte, noko som er viktig, sa Aam som syntest kunstgrassatsinga passar godt i ei tid då det vert satsa sterkt på Hjørundfjorden innan reiseliv.

Representantar frå både Gjensidigestiftinga, Sparebanken Møre og Sparebank 1 Søre Sunnmøre tok del i arrangementet. Jostein O. Mo var mellom dei som fekk blomster for sitt bidrag. Til slutt var det stort fotballtog rundt bana og kamp mellom Riise og Sæbø.