– Nei, er det enkle svaret frå administrasjonen i kommunen, ved Eldar Øye.

Hovden tok spørsmålet opp i formannskapet torsdag.

Landbruksdirektoratet har inviterte Ørsta til å sende ein fullstendig søknad om tømmerkaitilskot for 2016. Fristen er sett til 15. september. Målet er å fylle ut kaia og lage plass til tømmerkaifunksjon.

– Der er leigetakarar som kan finansiere deler av arbeidet, kanskje kan vi starte utfyllinga, sa Paul Kristian Hovden.

– Kaia skal ut på anbod, og vi må vite heilt sikkert kva vi gjer når vi legg dette ut. Vi må ha tid til å gjere det skikkeleg. Ørsta kommune er utbyggar og vi må kunne stå inne for det anbodet vi legg ut og ha eit skikkeleg grunnlag. Det må vente til over sommaren, sa Øye.

I invitasjonen til å sende inn søknad om tilskot, kjem det også klart fram at Ørsta må gjere noko med tilførselsvegane for tømmertransport.

– Dette må vi jobbe med. Skogbruket i Ørsta ekspanderer. Dette må vi bruke tid på å få løyse. Det vert ein klamp om foten om Ørsta er meir restriktive på dette enn i andre område, sa ordførar Stein Aam (Sp).