Mange har sikkert hatt eit møte med denne mannen. Kanskje har du fått ein pakke eller femti av han også? I 37 år har nemleg Rune Ørstavik jobba for Posten i Ørsta og Volda, der han siste 20 åra har vore ansvarleg for å køyre ut bedriftspakkar i Ørsta sentrum. Torsdag køyrde han si siste runde med postbilen sin, då han no skal gå av med pensjon.

Peder Lid, senterleiar for amfi, skildrar Rune som den blidaste og mest dyktige postmannen han har møtt. Den skildringa er nok mange samde i; for er du glad i jobben din visast det ofte på utsida:

– Eg har aldri grudd meg til å gå på jobb. Eg har møtt blide kundar kvar dag og vore masse ute i frisk luft. Eg har stort sett alltid hatt same køyreruta, som gjer at eg har treft dei same kundane i årevis som eg har slått av ein prat med om det har vore tid, fortel Ørstavik.

Veteran

Etter 37 år i same bedrift har Rune vore gjennom fleire endringar i jobben. Han tenker tilbake på den første postbilen han køyrde: ein gammal Volkswagen transporter utan firehjulstrekk, med ei lang og slitsam girstong. No er komforten og tryggleiken betra med automatgir og firehjulstrekk. Ørstavik ser seg heldig som har hatt same jobb i 37 år.

– No er tidene endra, og dei unge er ikkje sikra å ha ein jobb heilt til dei blir pensjonistar.

Sjølv om pensjonistlivet står for tur, trur ikkje Rune han vert arbeidsledig.

– Mykje må gjerast i huset og eg har fleire born og barneborn som treng hjelp av meg, og som sikkert allereie har planlagt arbeid til meg, seier Rune lattermildt, og fortsett:

– Elles skal eg kose meg på hytta vår på Mosetra og eg vil gå mykje i fjellet. Segling er eg også glad i, og eg er fast mannskap på båten til ein kamerat som deltek på onsdagsregattaen i Ørsta.

Takkar for seg

– Det er spesielt at dette er siste dagen, for eg har hatt det veldig fint i jobben min. Men det er klart jobben har vore tung. Eg har lempa mange tunge pakkar gjennom åra. Og så gler eg meg til å slå av vekkarklokka som står på vekking 06:10. Sjølv om eg sikkert framleis kjem til å vakne før det likevel, ler den blide postmannen.

<strong>Deler ut pakkar:</strong> Ørstavik har køyrt ut bedriftspakkar i Ørsta sentrum i mange år. Her leverer han sin siste pakke til Helene Fjellving Solbakk ved Ørsta Hårdesign i Vikegata. Foto: Malene Romestrand