– Advokatfirmaet Judicia har allereie ein sterk posisjon i Volda/Ørsta-regionen, og håper på ytterlegare vekst når vi no kjem til Ørsta. Vi har allereie ei rekkje spennande klientar med base i området. Gjennom vårt kontor i Ørsta kjem vi endå tettare på både eksisterande og potensielle kundar, seier styreleiar Reidar Andresen i Advokatfirmaet Judicia.

I første omgang vert ikkje kontoret bemanna kvar dag, men omfanget vert vurdert etter kvart.

Advokatfirmaet Judicia, som vart etablert i slutten av 2015, har opplevd sterk vekst, og vil innan kort tid vere åtte advokatar og betjene dei fleste forretningsområde. Advokatfirmaet meiner også at dei har eit anna fortrinn i forhold til andre aktørar i området.

Solid

– Søre Sunnmøre har eit solid og eksportretta næringsliv som kan drage stor nytte av vårt strategiske samarbeid med den internasjonale advokatkjempa DLA Piper, seier dagleg leiar Cecilie Langva.

DLA Piper Norway, er ein del av eit av verdas største advokatfirma med meir enn 4.200 advokatar fordelt i meir enn 30 land. DLA Piper Norway er det einaste globale advokatfirmaet med kontor i Noreg.

I tillegg til den internasjonale styrken har DLA Piper også eit sterkt, fullsørvis forretningsadvokat-kontor i Oslo.

– Det er viktig for oss å få ein innfallsport til det spennande næringslivet langs kysten, og maritime næringar er eit område vi ønskjer å vekse innanfor, seier partnar og dagleg leiar, Johan Ratvik, i DLA Piper Norway.

Han legg til at dei trass det korte samarbeidet mellom selskapa har erfart at advokatane i Advokatfirmaet Judicia er dyktige og løysingsorienterte forretningsadvokatar med høge faglege standardar. Saman med DLA Piper vil Judicia kunne handtere dei juridiske behova til kvar og ein klient, uansett kvar i verda det måtte oppstå.

– Vi ser fram til å tilbringe endå meir tid i Ørsta, og vi har tenkt å markere opninga med eit arrangement over sommaren, avsluttar Langva.