Ho har brukt timevis på å omsetje Facebook til nynorsk.

– Det er stort for meg å få denne prisen. Eg har aldri tenkt over om nokon har lagt merke til arbeidet eg har gjort, og hadde vanskar med å forstå det som vart sagt då eg fekk telefonen om at eg er årets nynorskbrukar. Og la meg seie at eg er slett ikkje aleine om å ha gjort denne jobben, sjølv om eg nok har bidrege mest.

Prisen er på 100.000 kroner, og juryen i Nynorsk kultursentrum var snare med å bestemme seg, sjølv om tilgangen på kandidatar var stor.

– Vi hadde 52 sterke kandidatar å velje mellom, men vi brukte uvanleg kort tid på å bestemme oss, fortalde nestleiar Grete Riise.

– Ho har gjort ein eineståande innsats for å gjere det lettare og kjekkare å vere nynorskbrukar i dataspel og sosiale medium.

Martine Rørstad Sand er utdanna norsklærar, bur på Hamar og studerer no digital kommunikasjon og kultur ved Høgskolen i Hedmark. Der arbeider ho med ei masteroppgåve om bruk av dialekt på Facebook. Ho har altså æra for at nynorsk er eitt av meir enn 100 menyspråk på denne digitale plattforma. Aleine har ho omsett 27.000 ord, og ho har også omsett dataspel.

– Det er viktig at unge som skriv nynorsk får møte språket sitt på nett, og oppleve at dei vert sett. Det er også viktig at dei som ikkje nyttar seg av nynorsk ser at språket er i bruk på nettet og overalt elles, som ein naturleg del av livet. Eg er svært takksam for å verte sett pris på for dette arbeidet.