– Då eg sist haust flytta inn på ordførarkontoret var der ikkje sveittelukt i veggane, men det var ikkje langt ifrå. I Førre periode vart det gjort ein strukturell jobb mellom politikarane og rådmannen, og det var nødvendig. Og den jobben som vart gjort i førre kommunestyre er eg imponert over. Den entusiasme og arbeidskapasitet som no er på rådhuset er mykje meir imponerande enn eg hadde trudd. Rådmannen fyk rundt som ein rakett gjennom veggane i møte etter møte. Vi har godt økonomisk resultat i kommunen, og får håpe vi klarer det vidare.

Dette sa ordførar Aam mellom anna då kommunestyret tok føre seg kommunen si årsmelding for i fjor. Og når eit halvår er godt, er det også lov til å skryte litt, både av andre og seg sjølve.

Rune Hovde hadde den politiske leiinga dei fire åra før Stein Aam tok over. Og Hovde står med rak rygg overfor den jobben som vart gjort.

– Då vi tok over, hadde vi kjempeutfordringar. Når vi no har levert frå oss stafettpinnen, ligg vi langt framme. Jobben til ordføraren no er å halde seg langt framme i hovudfeltet, sa Hovde som vedgjekk at eigedomsskatten sat langt inne.

– Vi tok eit skikkeleg magedrag i førre periode, og det var eigedomsskatt. Men vi heldt på å drukne, og måtte gjere noko. Vi sa også at skatten skulle avviklast. Men folk trudde ikkje på oss. No kan vi seie at dei hadde rett? Eller kan vi seie det? Utfordringa framover er at vi må skaffe oss gode verktøy for å klare å styre økonomien. Vi må ha oversikt over det vi kan forvente av drifta i året. Vi kunne ha kutta eigedomsskatten dersom vi hadde hatt betre oversikt over økonomien, hevda Hovde.

Partifelle Per Are Sørheim hengde seg på, og peika på kommunen sitt solide overskot og gjelda som er redusert.

– Endringane kom av klare prioriteringar og val siste fireårsperiode, sa han.

Odd Magne Vinjevoll (Frp) peika på at administrasjonen har gitt politikarane betre styringsverktøy med prioriteringane sine. Vinjevoll opna for at eigedomsskatten skal fjernast, i alle fall litt.

– Kanskje burde vi byrje forsiktig med å ta vekk skatten på verk og bruk, det kan ha ringverknader for bedrifter, meinte Vinjevoll.

Jostein O. Mo (Ap) var oppteken av å få fram ein meir politisk rekneskap i årsmeldinga, og at det kom meir politikk i denne, medan Paul Kruistian Hovden (KrF) kom med eit framlegg som vart vedteke. Det handla om ei oppmoding til kunnskapsministeren om å ta pause med å gi nye oppgåver til skulen.– Læraren må få vere lærar. Staten må slutte å presse inn nye oppgåver på hardt pressa skular.

Framlegget fekk 22 røyster, og altså fleirtal.