Ola Perry Saure (Sp) stilte i siste kommunestyremøte eit grunngitt spørsmål til ordføraren der Saure bad om at det snarast vart lagt fram ei kommunal sak om å styrkje brannstaben på Bjørke.

– I dag er det berre fem personar som er med i brannstyrken mot tidlegare åtte personar. Når fleire av brannstyrken i periodar er ute av bygda på arbeid, til dels på vekependling, kan det ofte vere knapt med personell heime i bygda til å kunne rykkje ut ved ein brann eller liknande situasjonar. På vinterstid kan ein også risikere at vegen til Bjørke er stengd av fonner og at ein då må basere seg på dei som er i bygda for å kunne rykke ut i nødsituasjonar, seier Saure i det grunngitte spørsmålet.

Krav

På bakgrunn av dette er det difor eit krav frå grendelaget og bygda at det snarast vert gjort tiltak for å auke brannstyrkenpå Bjørke til minst sju personar, men helst til åtte personar slik det var tidlegare.

Ordførar Stein Aam sa i svaret sitt at det ikkje er planar om å styrkje brannstaben på Bjørke.

– I samband med budsjettarbeid for 2013 vart det sett krav om reduksjon av kostnadane også for driftsbudsjettet for brann og redning. Eit av tiltaka som vart vedteke var reduksjon av mannskapsstyrken i Ørsta. Blant anna vart Standal depot med fem mann lagt ned.

På Bjørke vart mannskapsstyrken vedteke redusert til seks brannkorps-medlemmer, og ordføraren held seg til dette vedtaket, svara Aam.

På Bjørke har to av mannskapet slutta på grunn av alder dei to siste åra. Ein ny vart tilsett i 2015.

– Vi har i samarbeid med formannen på Bjørke prøvd å finne erstattar for den andre. Vi har no to namn på lista som vi skal ta kontakt med og kalle inn til intervju. Dette har førsteprioritet over ferien. Vi har dei siste månadane hatt intervju og tilsett mannskap både på Sæbø, Vartdal og i Ørsta sentrum. I tillegg har vi gjennomført prosess med tilsetting av ny brannmeister. Han vil starte i jobben iaugust, sa ordføraren.