Det seier festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela, Ruth Lillegraven.

Ho var til stades under kransinga av Ivar Aasen-statua i Ørsta torsdag føremiddag, ein fast tradisjon som også markerer starten på festspela.

Lillegraven skal vere med på ei rekkje arrangement fram til søndag. Og den unge diktaren gler seg.

- Eg har tidlegare vore deltakar under festspela, og veit såleis nokolunde kva eg går til. Det kjem til å verte travelt, men også moro. Eg håper eg også får med meg nokre konsertar, seier Lillegraven.

Tale

Dagleg leiar ved Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng, heldt ein kort tale under markeringa.

Han snakka om morsmål og trekte linjer tilbake til Ivar Aasen.

- Vi kan verkeleg setje pris på at vi har ein raus språksituasjon her til lands. Dette er takka vere arbeidet Ivar Aasen sette i gang for snart 175 år sidan. Vi kan bruke dei same orda på Stortinget sin talarstol som ved middagsbordet, i bøker, på konsertscener og i kafear, sa Øvereng.

Mange møtte opp, nokre av dei har gjort det i alle år, til kransinga av bautaen. Foto: Roy-Arne Folkestad