Vedtaket vart samrøystes gjort etter at kommunestyret torsdag vedtok ein høyringsuttale for Nasjonal Transportplan (NTP). Der vil kommunestyret topprioritere samferdslepakkeen for Volda og Ørsta med Voldatunnel og Ørstafjordkryssing og byutvikling.

Vidare vil Ørsta-politikarane ha styrka rutetilboda over Ørsta/Volda lufthamn. Kommunestyret vil også ha prioritert ferjefri E39 – Møreaksen og Hafast, i tillegg til Rovdefjordsambandet som sist på prioriteringslista.

Fylkestinget har nettopp vedteke å ta inn Ørstafjordkryssinga i høyringsuttalen for NTP. Det sat langt inne, men det gler mange.

Stein Aam (Sp):

– Alle parti har ein felles jobb å gjere inn mot fylkestinget, det er svært nyttig. Det handlar om alliansar og gode vener i politikken. Vi må ha gode kontaktar i skjebnetider for Ørstafjordkryssinga, og i fellesskap må vi prøve å posisjonere oss, sa ordføraren.

Hans Olav Myklebust (Frp):

– Ørstafjordkryssinga og Voldatunnelen er likverdige prosjekt. Vi må få plass til Ørstafjordkryssinga slik at vi kan klatre på prioriteringslista og posisjonere oss, sa Myklebust.

Paul Kristian Hovden (KrF) meinte at tida er overmogen for eit nasjonalt vegselskap som skal byggje hovudsamferdselsårene etter sentrale føringar.

– I dag vert vegkronene brukt dårleg. Fornufta vil til sist sigre, men er vanskeleg å seie at vi skal støtte Hafast. Det strir mot all fornuft å støtte Hafast som stamvegprosjekt, meinte Hovden.

Karen Høydal (Ap) åtvara mot å droppe Hafast som prioritering.

– Vi må halde oss til det som er vedteke, og ikkje invitere til omkamp, sa ho.

Ola Perry Saure (Sp) var samd:

– Vi kan ikkje signalisere omkamp om Hafast. Dette er eit luftig prosjekt, og teknologien vil sjå om det let seg realisere. Det kan hende fjordkryssinga kjem ein annan plass, og viss det heiter Hafast kan det verte ein god deal for Ørsta.

Varaordføraren og fleire andre meinte kommunen hadde ein jobb å gjere med å styrkje flyplassen i Hovdebygda. I dag er det dyrt å flyge Hovden–Oslo, og prisane har vorte så høge at ruta ikkje lenger er for vanlege folk då subsidiar og rabattar er fjerna. Vi må spele inn til partia at dette ikkje er distriktsvenleg. Og lokalt må det gjerast eit viktig strategiarbeid. Dette gjeld også overfor fylket i samband med NTP, sa Høydal.

– Dei høge prisane kan få alvorlege konsekvensar for flyplassen. Og no vel fleire Vigra. Vi kan få endå dårlegare tilbod på Hovden. Vi må halde trykket oppe for Hovden, sa Ola Perry Saure.