Ørsta kommune har søkt statleg tilskot til å byggje ut breiband mellom Hovdenakk og Sæbø, og i Skjåstaddalen.

Området mellom Hovdenakk-Vatne-Bondalen og Sæbø har kring 300 husstandar som har trong for betra breiband. Tussa kan levere 4G som dekkjer delar av området.I tillegg vert det søkt tilskot for breiband til kring 10 husstandar i Skjåstaddalen som ikkje har mobildekning i det heile, og dårleg breiband.

– I dag kan ein ikkje ta imot sms i området, noko som er ei utfordring for innbyggjarar som arbeider mot overvaking av kraftverk der alarmen går via sms, seier Ørsta kommune.

Klaga

– Innbyggjarar i området Hovdenakk-Sæbø har kontakta kommunen og klaga på breibandtilbodet. I dette området er det også utfordringar kring TV-signal. Søraustlege delar av området ligg i parabolskugge, og delar av området har svært varierande RiksTV-dekning. Kommunen vil difor vekte teknologi som kan løyse denne utfordringa, seier kommunen i søknaden.

Det vert også peika på det viktige med å ha gode breibandforhold i Hjørundfjorden knytt til turistverksemda.

– Hjørundfjorden er eit attraktivt reisemål, og dei siste åra har ein opplevd auka turisme både sommar og vinter. Ny næring oppstår i høve dette, og det er svært viktig med ein god infrastruktur for breiband for å kunne etablere nye bedrifter i området, heiter det i søknaden om midlar.

Manglande dekning

Innbyggjarane i Skjåstaddalen har i lengre tid vore plaga med manglande mobildekning og dårleg breibandtilbod. Ørsta kommune har vore i kontakt med ulike leverandørar i samband med dette, og ingen har konkrete planar for utbygging. Ei ny mobilmast er ifølgje Telenor einaste løysinga. Ho kostar 1,2 millionar.

– Skal ein kunne realisere utbygginga med fiberløysing er ein sterkt avhengig av lokal dugnadsinnsats når det gjeld graving av grøfter, seier kommunen.

Det vert teke sikte på ei utbygging i 2017. Totalkostnaden for utbygginga ver rekna til 29,2 millionar kroner. Eigenfinansieringa kjem på 1,1 mill og privat finansiering på 14 millionar. Nasjonalt tilskot er rekna til 14,1 mill.

Kommunen jobbar for å finansiere delar av prosjektet då prosjektet realiserer framtidsretta breibandløysing til fire kommunale bygg.