Det skriv han i framlegget til høyringsuttale frå Møre og Romsdal fylkeskommune om Nasjonal Transportplan for 2018-2029.

– Prosjektet vil gi redusert reisetid, betre forutsigbarheit, særleg for langdistansetransportar, i tillegg til at det vil redusere talet på ulykker og ulykkeskostnader, skriv rådmannen. Han meiner at dagens veg gjennom sentrum av Volda er ueigna som riksveg pga. smal veg, krappe kurver og tettbygd område.

– Den tette trafikken medfører redusert framkomst, noko som er særleg problematisk for tunge køyretøy som må gjennom sentrum og kollektivtrafikken. I sentrum medfører trafikken miljøulemper, både for dei som bur langs vegen, og for dei som går og syklar.

Ørstafjordkryssinga er ikkje nemnt i saksutgreiinga til fylkesrådmannen.

Han vil at staten skal prioritere kryssing av Sulafjorden (Hafast), bygging av nye tunnelar på Rv. 15 Strynefjellet, meir pengar til vedlikehald av fylkesvegnettet og auka overføringar til ferjedrift i fylkesvegnettet.