Etter ei omfattande reetablering auka bedrifta omsetninga frå 41 millionar kroner i 2013 til 71,4 millionar i 2015. Og i år ligg det an til ytterlegare vekst.

– Vi har vokse saman med kundane. Vi er ikkje påverka av nedgangen i den maritime næringa. Ørsta si lokalisering er fantastisk for ei transportbedrift då vi er innfallsporten til Sunnmøre. Fleire har sett dette, og potensielle kundar kontaktar oss for tenester, fortel styreleiar Geir Terje Bjørlykke i Bøstrand.

Vertskap

Bøstrand-selskapet var vertskap for Ørsta Næringskontor sitt frukostmøte tysdag. Og dei frammøtte fekk orientering om ei transportbedrift som har lagt bak seg ei rivande utvikling etter at selskapet så å seie starta med blanke ark att sommaren 2012, i ein periode der eigarane hadde store utfordringar. Siste fire åra har det tradisjonsrike selskapet bygt seg opp gradvis. Hard og målretta jobbing har resultert i at bedrifta i dag står fram som ei mønsterbedrift for transporttenester. Dei største kundane til Bøstrand er Vik Ørsta, Grøvik Verk og no sist PreTre.

I 2013 vedtok selskapet å dele seg opp i fleire firma, som kunne spesialisere seg innanfor kvar sine fagområde. Difor ligg no Bøstrand olje og transport AS, Bøstrand AS, Bøstrand kran- og containerservice AS og Autosenteret Ørsta AS som eigne firma under Bøstrand Gruppen AS. I dag er det brørne Yngve og Andre Ose Bøstrand som driv desse.

Selskapa betalar løn til 45 tilsette, og bilparken er no oppe i 35 transportbilar som køyrer varer av ulike slag over store delar av landet. I løpet av året vert det truleg kjøpt inn endå fleire bilar.

– Vi var samde om at nye Bøstrand skulle vere noko heilt anna enn det gamle selskapet. Vi har hatt ein relativt stor jobb med å byggje opp omdøme og tillit, fortel Geir Terje Bjørlykke.

Det har vore satsa sterkt på bedriftskulturen, der bodskapen er at alle jobbar for kvarandre.

Bedrifta satsar mykje ressursar på å gjere alt best mogleg, og å vere ein god og trygg arbeidsplass for alle tilsette. Bedrifta tek HMS på alvor og arbeidar målretta for å skape trivsel og for å halde god standard. Det kostar, og krev stor innsats, men gir resultat. Siste åra har bedrifta bygd opp nye lokale med moderne verkstad, lager, kontor og alle fasilitetar på Mosflata. Der er det også tilrettelagt for overnatting. No e det også bygt smørjegrav, og planen framover er å byggje kombinert lager- og vaskehall.

– Ørsta kommune har vore ein fantastisk samarbeidspartnar i samband med lokaliseringa på Mosflata. Velvilje gjorde at vi fekk kjøpe tilleggsareal. Utan denne velviljen veit eg ikkje kor det hadde gått, seier syreleiar Geir Terje Bjørlykke.

Held den gode utviklinga fram, ser ikkje styreleiaren bort frå at Bøstrand må finne seg andre lokalitetar.

– Får vi ein bilpark på 50–60 bilar kan vi måtte flytte, seier Bjørlykke.

Ordførar Stein Aam deltok på frukostmøtet. Han er imponert over det Bøstrand har fått til.

– Selskapet har ei imponerande omsetning og ein like imponerande bilpark, synest han.