– Det var berre flaks at det ikkje var ungar i gata. Vi skal vere glade for at det var regnvêr, seier Mari Vinjevoll.

Ho har engasjert heile nabolaget i å krevje fartsdempande tiltak i gata.

Ingeborg Hovden Standal var vitne til smellen søndag.

– Eg såg berre noko raudt som fauk forbi vindauget i ei vill fart, og så kom det ein kjempesmell, fortel ho.

Stakk av

Ute i hagen låg spora etter villmannsferda. Eit heilt hagegjerde, nokre ripsbusker og ein lyktestolpe låg ramponert i vegkanten. Bilen var ingen stad å sjå, men bilskiltet låg att.

– Vi ringde politiet og sikra oss bilde av bilskiltet. Før politiet var på plass, og dei kom ganske fort, hadde sjåføren vore frekk nok til å kome tilbake og hente skiltet, fortel Ingeborg.

Vitne lenger borte i gata såg bilen køyre vidare med deler av hagegjerdet godt plassert på panseret. Politiet opplyste seinare på dag at det var mistanke om ruskøyring, og sjåføren vart teken med til prøvetaking.

– Det er mykje stygg køyring i området her. Då eg hadde små ungar for 30 år sidan kjempa vi same kampen om å få fartsdempande tiltak i gata, utan nytte. Så har det vore ein periode utan små barn her, men no er vi mange. Eg veit om 25 små berre på ei lita strekning her i Bakkevegen, fortel Ingeborg.

Måndag stilte heile nabolaget opp, etter initiativ frå Mari Vinjevoll.

– Her er mange som køyrer uforsvarleg fort. Eg trur ikkje det nyttar å setje ned fartsgrensa. Vi må få på plass fartshumpar. Det er det einaste som vil hjelpe, og så må folk byrje å tenke over korleis dei køyrer, seier ho.

Ho var raskt på telefonen til kommunen etter hendinga.

– Den første eg snakka med sa at det ikkje er vits å gjere tiltak i gata, fordi folk køyrer fort uansett. Det er ein vits å verte møtt med ein slik kommentar! Men så fekk eg leiar for teknisk, Rolf-Magnus Sundgot på telefonen, og der var tonen ein annan. Han var klar på at her må det kome strakstiltak, fordi det er snakk om liv og helse. Eg er positivt overraska og veldig glad for den innstillinga, så nå set vi vår lit til han og håper at han held ord.

Små og store i nabolaget har signert på eit skriv med tittelen «Ja til farts- og trafikkregulerande tiltak på Vinjevoll» som dei vil levere til kommunen.

– Vi kjempar for barna sin tryggleik på fritida og på skulevegen. Dei skal kunne ferdast fritt i nabolaget. Vegen er smal med mange stikkvegar. Sjølv om sjåførane seier at dei ser seg for, er det ikkje alltid at barna gjer det same. Det er fort gjort at dei spring ut i vegen. Vi har meldt fleire stygge køyringar til politiet. Bakkevegen, og området elles er mykje nytta til gjennomkøyring også, og folk er nøydde til å byrje å tenke over korleis dei køyrer, oppmodar Mari Vinjevoll, som meiner det store oppmøtet er klar tale til kommunen om behovet for tiltak i gata.