– Hjortetrekket som går gjennom Furene er av dei viktigaste hjortetrekka mellom dei høgareliggande indre stroka av Sunnmøre og nabofylka innanfor, og vinterbeita på kysten. Planen for ny tunnel utgjer eit omfattande veganlegg midt i trekkruta, og difor er det viktig at tilførselsområda sikrast i plan som trekkområde slik at vi unngår ulykker med skade på både menneske, dyr og materiell. Det er svært viktig at hjorten kan oppretthalde si trekkrute gjennom området, skriv Fylkesmannen i sin merknad til Volda kommune.

Dei gir vidare tips til korleis viltundergangen for hjort skal kunne fungere best mogleg, mellom anna ved at omkringliggande natur- og kulturmiljø må oppretthaldast, og at det er viktig å vere medviten på lysbruken i området. Det må også kome på plass støyskjerm og voll, og der må vere effektive leiegjerder på begge sider av eksisterande veg.

Dei oppmodar vidare om at anleggsperioden vert kortast mogleg, og at det vert teke omsyn til sesongtrekk. Fylkesmannen bed også om at inngrepa i landbruksarealet i området vert gjort minst mogleg.