Det var betydeleg usemje om planane om samanslåing med Stryn og Hornindal i Volda kommunestyre torsdag kveld. Til tider var det også stor forvirring mellom politikarane om saka, og det måtte gruppemøte til for å få eit vedtak.

- Skal eg oppsummere denne debatten med eitt ord, er det lapskaus, oppsummerte Anders Straume (KrF).

Tidlegare ordførar Arild Iversen (same parti) var ein av dei som protesterte, og røysta mot å vedta intensjonsplanen med dei to Nordfjord-kommunane.

- Mykje av Noreg har sett på ei samanslåing av Ørsta som ein av dei mest opplagde og sannsynlege samanslåingane i landet. Så har det vore eit stemningsskifte her i Volda, som eg trur omverda framleis ikkje forstår. Denne debatten i kommunestyret i dag blir eg ganske forvirra av. Det tek eg som eit teikn på at planane med Stryn og Hornindal ikkje er modne nok til å gå vidare med.  Vi kjenner Stryn og Hornindal for dårleg.

- Ørsta er det naturlege

Partikollega Erlend Krumsvik var samd i at ei samanslåing med Ørsta ville vore betre, men ville likevel gå vidare med Stryn og Hornindal.

- Ørsta er det naturlege, Hornindal er det nære. Stryn er litt lenger unna, men eg ser potensial der også. Slik det er no, ser eg langt større fordelar enn ulemper med ein slik kommune, sa Krumsvik.

Han er tilsett som rådgivar med ansvar for kommunereforma i Sunnmøre regionråd, men var klar på at han uttalte seg kommunstyrerepresentant under møtet.

Ville opne for Eid og Vanylven

Odd A. Folkestad var uroa for å låse seg for mykje til Stryn og Hornindal, og foreslo eit alternativt vedtak som også opna for forhandlingar med Eid og Vanylven kommunar. Aller helst ville han vente til juni med å gjere vedtak.

- Stryn skal ha folkerøysting 13. juni. Eg gir ikkje høge odds på at dei seier nei. Om vi ventar til møtet 16. juni, har vi også resultatet frå folkerøystinga i Eid og Gloppen som grunnlag. Ordføraren i Eid har sagt at det er interessant å vende seg til Volda dersom det blir nei med Gloppen, sa Folkestad.

Ordførar Jørgen Amdam (Ap) var klar på at Stryn ikkje vil ta med spørsmålet om samanslåing med Volda og Hornindal utan eit vedtak om intensjonsavtalen frå Volda si side.

- Det er difor vi tek opp dette som ekstrasak i kommunestyret i dag.

Vedtok intensjonsavtalen

Til slutt vedtok intensjonsavtalen om samanslåing med Stryn og Hornindal, mot fleire røyster frå KrF og Frp.

Det betyr ikkje at sjølve samanslåinga er vedteken. Det skal no gjennomførast ei innbyggjarundersøking om ei slik samanslåing. Kommunestyret har tidlegare vedteke at det skal vere ei eiga folkerøysting om spørsmålet før samanslåinga blir vedteken.

Volda kommunestyre vedtok også å be fylkesmannen og departementet om å få utsetting på fristen for å gjere endeleg vedtak om kommunereforma. Den eigentlege fristen er 1. juli. Denne blir vanskeleg å halde når Volda planlegg ei ny folkerøysting over sommaren.