Fylkesmann Lodve Solholm har ansvar for å koordinere arbeidet med kommunereforma i Møre og Romsdal på vegner av Kommunaldepartementet. I tillegg skal han kome med ei tilråding om den framtidige kommunestrukturen i fylket.

Møre-Nytt har spurt Solholm om det er aktuelt å tilrå ei samanslåing av Ørsta og Volda, trass i nei-fleirtalet i folkerøystingane. Vi har også spurt om korleis han ser på ei eventuell samanslåing av Volda, Stryn og Hornindal, og om det er aktuelt å tilrå å tvinge Ørsta med i ein slik konstellasjon.

Fylkesmannen skriv i ein e-post til Møre-Nytt at han ikkje ønskjer å gi kommentarar om enkeltkommunar som Volda og Ørsta før innstillinga hans kjem 1. oktober.

Fylkesmannen seier likevel til Sunnmørsposten at han har fått ei bestilling frå Stortingetom at kommunane skal levere gode og likeverdige tenester, syte for ei heilheitleg samfunnsutvikling, vere berekraftige og økonomisk robuste og gi styrka lokaldemokrati.

Han opnar særleg for å gjere eigne vurderingar i kommunar med lågt frammøte i folkerøystinga. Ørsta og Volda var ikkje blant dei som hadde lågast deltaking i fylket.