Kunstgraset på kunstgrasbana i Holmane er heilt utslite. Mange har fått skader i det siste grunna det harde dekket.

Kunstgrasbana er svært mykje brukt. ØIL har 44 eigne lag. Det er i tillegg mange utanfor laget som nyttar anlegget. Skulane nyttar bana på dagtid, og der er uorganisert aktivitet i ledige periodar.

Bana blir brøyta om vinteren. Dette gir også stor slitasje, men er naudsynt i mangel på innandørsanlegg. Andre idrettslag brukar også bana om vinteren.Kunstgrasbana er eigd og drive av Ørsta IL. Utskifting av kunstgraset vart godkjent av årsmøtet i ØIL nyleg.

Kommunen vil, i tillegg til eingongssummen, stille sipel kausjon for lån til nytt dekke med inntil 2 millionar kroner i nedbetalingsperioden på inntil ti år. Dei viser mellom anna til at kunstgrasbana i sentrum er for alle.

Kommunestyret skal handsame saka førstkomande torsdag.